Marknad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein marknad (norrønt marknaðr av lat. mercatus som tyder handel) er eit møte mellom dei som kjøper og dei som sel. Det kan vere på ein bestemt stad, til ei viss tid eller om ei viss vare. Marknad vert også nytta om den samla etterspurnad etter noko som t.d. kaffemarknaden og felt for økonomisk verksemd som arbeidsmarknaden eller pengemarknaden.
Regelmessige marknader har vore viktig for omsetninga av varer frå byrjinga av historisk tid. I nyare tid er slike marknader framleis viktige for mange samfunn rundt om i verda, men òg i Noreg som til dømes på Rørosmarknaden.
I dag er fortsatt tradisjonen med utandørsmarknader i live mange stader, der dei kan haldast dagleg eller med jamne mellomrom. I mange land har likevel permanente innandørs butikkar, kjøpesenter og supermarknader teke over for størsteparten av handelen.