Pink Moon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pink Moon Studioalbum av Nick Drake |
||
Utgjeve | 25. februar 1972 | |
Innspelt | oktober 1971 | |
Sjanger | Folk | |
Lengd | 28:22 | |
Selskap | Island Records | |
Produsent | John Wood | |
Nick Drake-kronologi | ||
---|---|---|
Bryter Layter (1970) | Pink Moon |
Pink Moon er det tredje og siste albumet av den britiske musikaren Nick Drake. Det blei spelt inn ved midnatt over to dagar i oktober 1971. Alle songane på albumet var solosongar av Drake, bortsett frå ein liten piano-overdub på tittelsongen.
Illustrasjonen på plateomslaget er laga av Michael Trevithick.
Då albumet kom ut fekk det berre eit par gode meldingar, men etter at Drake døydde har albumet fått mange gode kritikkar. Albumet er meir dystert enn dei to andre albuma, men blir likevel av mange sett på som det beste albumet hans.
I 2003 kom albumet på 320. plass då magasinet Rolling Stone kåra dei 500 beste albuma nokonsinne.
Tittelsongen blei brukt i ein reklame for bilmerket Volkswagen som gjekk i USA i 2000.
[endre] Innhald
Alle songar skriven og spelt av Nick Drake.
- «Pink Moon» – 2:06
- «Place to Be» – 2:43
- «Road» – 2:02
- «Which Will» – 2:58
- «Horn» – 1:23
- «Things Behind the Sun» – 3:57
- «Know» – 2:26
- «Parasite» – 3:36
- «Free Ride» – 3:06
- «Harvest Breed» – 1:37
- «From the Morning» – 2:30
[endre] Personell
- Nick Drake - vokal, akustisk gitar på alle songar; piano på «Pink Moon»
- John Wood - musikkprodusent, lydteknikar
[endre] Bakgrunnsstoff
- http://uk.youtube.com/watch?v=BIOW9fLT9eY Volkswagenreklame med songen «Pink Moon» av Nick Drake.
- Tekstar
Nick Drake |
Album: Five Leaves Left | Bryter Layter | Pink Moon | |
Samlealbum: Fruit Tree | Time of No Reply | Way to Blue | Made to Love Magic | Family Tree |
Relaterte personar: Joe Boyd | Gabrielle Drake | Robert Kirby | John Wood |