Five Leaves Left
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Five Leaves Left Studioalbum av Nick Drake |
||
Utgjeve | 1969 | |
Sjanger | Folk | |
Lengd | 41:43 | |
Selskap | Island Records | |
Produsent | Joe Boyd | |
Nick Drake-kronologi | ||
---|---|---|
Five Leaves Left | Bryter Layter (1970) |
Five Leaves Left var det første av tre album av den britiske musikaren Nick Drake. Albumet har ingen solosongar. Drake var akkompagnert av medlemmer av den britiske folkrock-gruppa Fairport Convention. Albumet blei rangert på 85. plass da Channel 4 hadde ei undersøking for å rangere dei hundre beste albuma gjennom tidene. I 2003 kom albumet på 283. plass då magasinet Rolling Stone kåra dei 500 beste albuma nokonsinne.
Namnet på albumet skal vere frå ei melding som var inni sigarettpapiret Rizla, som åtvara folk om at det berre var fire papir igjen. Det er spekulert i om denne åtvaringa var mynta på folk som røykte marihuana, sidan ein trengte fire individuelle papir for å rulle ein joint. I dag (2005) står det «There's only 10 left» i staden for «Five Leaves Left».
Det har også vore spekulert i om namnet kjem frå O. Henry si novelle The Last Leaf, der ei kvinne seier at ho kan døy lykkeleg når alle blada på treet hennar har falt. Ho seier deretter at det ikkje er lenge til sidan det berre er fire blad igjen på treet. Samuel Beckett sitt teaterstykkje Medan vi ventar på Godot, der handlinga føregår under eit einsamt tre ved ein landeveg, innheld linja «The tree has four or five leaves».
[endre] Innhald
Alle songar framført og skriven av Nick Drake.
- «Time Has Told Me» – 4:27
- «River Man» – 4:21
- «Three Hours» – 6:16
- «Way to Blue» – 3:11
- «Day is Done» – 2:29
- «'Cello Song» – 4:49
- «The Thoughts of Mary Jane» – 3:22
- «Man in a Shed» – 3:55
- «Fruit Tree» – 4:50
- «Saturday Sun» – 4:03
[endre] Personell
Nick Drake syng og spelar akustisk gitar om ikkje anna er indikert.
- «Time Has Told Me»
Paul Harris - piano
Richard Thompson - elektrisk gitar
Danny Thompson - bassgitar
- «River Man»
Harry Robinson - Strykearrangering
- «Three Hours»
Danny Thompson - bass
Rocki Dzidzornu - conga
- «Way to Blue»
Robert Kirby - strykearrangering
- «Day is Done»
Robert Kirby - strykearrangering
- «'Cello Song»
Clare Lowther - cello
Danny Thompson - bass
Rocki Dzidzornu - conga
- «The Thoughts of Mary Jane»
Robert Kirby - arrangering
- «Man in a Shed»
Paul Harris - piano
Danny Thompson - bass
- «Fruit Tree»
Robert Kirby - arrangering
- «Saturday Sun»
Nick Drake - piano
Danny Thompson - bass
Tristram Fry - trommer og vibrafon
[endre] Bakgrunnsstoff
Nick Drake |
Album: Five Leaves Left | Bryter Layter | Pink Moon | |
Samlealbum: Fruit Tree | Time of No Reply | Way to Blue | Made to Love Magic | Family Tree |
Relaterte personar: Joe Boyd | Gabrielle Drake | Robert Kirby | John Wood |