See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Nitelva - Wikipedia

Nitelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nitelva er ei elv som har utspringet sitt ved Grua der ho raskt renn ned til Harestuvatnet i den sørlege delen av Lunner kommune i Oppland. Elva renn roleg vidare sørover og endar etter om lag 37 km i Øyeren. Elva har da tilbakelagt ein strekning på 37 km, og har hatt eit fall på om lag 30 meter. Elven høyrer til Oslomarkavassdraga.

Den nordre delen av Nitelva renn gjennom Hakadal og vert der kalla Hakadalselva. Ferda mot Øyeren byrjar med brusande stryk og går over i ein bred, rolig og meandrerande flod gjennom Nitedal i Skedsmo. Dei siste kilometrane dannar elva eit skilje mellom Strømmen og Lillestrøm i eit industrialisert område før den endar i et innlandsdelta ved nordenden av Øyeren i Rælingen. Nitelva og breiddene til elva utgjer eit variert og frodig belte gjennom skogsområde, jordbrukslandskap og busetnad.

Elva fekk opphavleg namnet Nitja. Tydinga av dette namnet er noko usikkert, men det kan ha samanheng med ordet net, i tydinga fiskegarn. Det kan òg komme frå verbet hnita, som betyr "å støte saman" (t.d. bølgjer som støter saman). Elva danna ein viktig del av livsgrunnlaget for dei tidlegaste busetnadane i området, og vassdraget har vorte utnytta til mellom anna isskjering, tømmerfløyting og drift av møller, sagbruk og kraftverk. Fleire stader langs Nitelva finst restar etter slik verksemd og mange stadnamn langs elva gjenspeglar tidlegare bruk av naturressursane.

Elva er godt eigna til sportsfiske. Opp til Rotnesfossen finst dei fleste av ferskvassfiskane i Noreg, og 21 artar er registrert. Av desse er gjedde, gjørs, åbor og karpefisker dei vanlegaste. Nord i vassdraget finst òg ein bestand av aure. Langs elva kan ein òg oppleve eit innhaldsrikt og variert dyre-, fugle- og planteliv, og har ein viktig økologisk funksjon som leveområde og spreiingskorridor for ein rekke artar. Her kan ein oppleve både tett granskog, frodig lauvskog, myrer, blomsterenger, sivskog og vassplanter. Av dyre- og fugleartar langs elva finn ein bever, gråhegre og rådyr. På grunn av det biologiske mangfaldet er Nitelva eit verna vassdrag, og i nedre del av vassdraget er det oppretta to naturreservat; Sørumsneset og Nordre Øyeren naturreservat.

På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -