See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Mont Saint-Michel - Wikipedia

Mont Saint-Michel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mont Saint-Michel
Mont Saint-Michel

Mont Saint-Michel er ei lita steinete tidvassøy i Normandie, om lag ein kilometer frå nordkysten av Frankrike ved munningen av elva Couesnon nær Avranches.

Innhaldsliste

[endre] Plassering

Mont Saint-Michel: Utsyn over omgivnadane (2006)
Mont Saint-Michel: Utsyn over omgivnadane (2006)

Mont Saint-Michel ligg i Normandie i departementet Manche. Øya er ein stor granittknaus med ein omkrets på om lag 960 meter, og som strekk seg 92 meter over havnivå. Øya er tileigna erkeengelen Mikael. Den unike arkitekturen på Mont Saint-Michel gjer staden til ein av dei mest vitja turistattraksjonane i Normandie, og den tredje mest vitja i Frankrike (etter Eiffeltårnet og slottet i Versailles) med om lag 3,2 millionar vitjande kvart år. Staden vart klassifisert som ein historisk bygning alt i 1874, og sidan 1979 har han stått på UNESCO si verdsarvliste. Kyrkja er krona av ein gullstatue av St. Mikael, som når ei høgd på 155 meter over havnivå, og som er laga av Emmanuel Frémiet.

Ein innbyggjar frå Mont-Saint-Michel vert kalla ein montoi.

[endre] Danning

I førhistorisk tid var bukta dekka av sjø, som trakk seg tilbake under istidene slik at erosjon kunne forma kystlandskapet over millionar av år. Fleire blokker av granitt eller granulitt dukka opp i bukta, og motsto erosjonen frå havet betre enn dei omliggande knausane av mjukare bergartar. Av desse fjellknausane finne ein mellom anna Lillemer, Mont-Dol, Tombelaine og Mont Tombe, seinare kalla Mont Saint-Michel.

[endre] Tidvassøy

Mont Saint-Michel i solnedgong, sett frå vegfyllinga.
Mont Saint-Michel i solnedgong, sett frå vegfyllinga.

Mont-Saint-Michel var tidlegare forbunde til fastlandet via eit tynt, naturlegt landsamband, som før moderniseringa var under vatn ved flo sjø. Mont Saint Michel var derfor ei øy halvparten av tida, og knytta til fastlandet den andre halvparten, altså ei tidvassøy.

Staden har derimot endra karakter på grunn av seinare utviklingar. Gjennom hundreåra har kystflatene vorte polderisert for å danne beitemarker. Mont-Saint-Michel har dermed kome nærare kysten og elvemunningen. Elva Couesnon har vorte kanalisert, noko som har redusert vasstraumen i elva, og dermed auka avleiringa i bukta. I 1879 vart landsambandet utbygd med ei vegfylling, som ikkje vart dekka av floa. Dette hindra òg tidvatnet i å rense mudderet rundt knausen. Det er fortida planar om å erstatte vegfyllinga med ei bru og skytteltrafikk.

I 2006 annonserte den franske statsministeren Dominique de Villepin starten på eit prosjekt på 150 millionar for å byggje ei hydraulisk dike, som vil hjelpe på fjerninga av mudderet, og gjere Mont Saint-Michel ei øy igjen. Etter planen skal dette stå ferdig i 2012.

[endre] Historie

Mont Saint Michel frå sør
Mont Saint Michel frå sør

Mont Saint-Michel vart nytta av armoricanarar frå romano-bretagne-kulturen på 500- og 600-talet, før ho vart plyndra av frankarane. Med det enda kulturen som gjekk på tvers av kanalen, som hadde vart sidan romarane trakk seg tilbake i år 459.

Før det første klosteret vart oppretta på øya på 700-talet vart øya kalla Mont Tombe. I følgje legenda synte erkengelen Mikael seg for St. Aubert, biskop av Avranches, i 708 og han instruerte Aubert til å byggje ei kyrkje på knausen. Aubert ignorerte fleire gongar engelen, før Mikael brann eit hol i skallen til biskopen med fingen sin.

Klippa vart strategisk viktig i 933 då William «Longsverd» annekterte Cotentin-halvøya. Dette er vist på Bayeuxteppet, som viser slaget ved Hastings i 1066. Hertueleg vern finansierte den praktfulle normanniske arkitekturen til klosteret dei følgjande hundreåra.

Under Hundreårskrigen prøvde engelskmenna fleire gonger å erobre øya, men delvis på grunn av dei utbetra festningsverka til klosteret klarte dei det ikkje. Les Michelettes, to smijernsbomber som engelskmenna la igjen etter ei mislykka omleiring i 1423-1424 ligg framleis utafor den ytre forsvarsmuren.

Nokre gamle bygningar i landsbyen er framleis inntakt.
Nokre gamle bygningar i landsbyen er framleis inntakt.

Rikdomen og påverknaden til klosteret dekka fleire dotterstiftingar, mellom anna St Michael's Mount i Cornwall i England. Rolla som populært og prestisjefullt pilgrimssenter vart mindre viktig etter Reformasjonen, og under Den franske revolusjonen var det berre få monkar att. Klosteret vart stengd og omgjort til fengsel, opphavleg for å halde geistlege motstandarar av det republikanske regimet. Seinare vart det eit viktig politisk fengsel, men i 1836 prøvde framtredane personar, inkludert Victor Hugo, å gjenopprette det dei meinte var ein nasjonal arkitekturskatt. Fengselet vart til slutt stengd i 1863, og klippa vart til slutt erklært for eit historisk monument i 1874. Mont Saint Michel og bukta rundt vart ført opp på UNESCO si verdsarvliste i 1979.

[endre] Utforming

Planteikning av klippen avEugène Viollet-le-Duc
Planteikning av klippen avEugène Viollet-le-Duc

William de Volpiano, den italienske arkitekten som hadde bygd Klosteret i Fécamp i Normandie, vart vald som entrepenør av Richard II av Normandie på 1000-talet. Han utforma ei kyrkje i romansk stil, og plasserte vågalt tverrskipkrysset på toppen av klippa. Mange krypter og kapell vart bygd under jorda for å kompansere for denne vekta, og desse danna grunnlaget for strukturen ein kan sjå i dag. I dag vert Mont Saint-Michel sett på som ei kyrkje med gotisk arkitektur.

Robert de Thorigny, ein stor tilhengjar av Henry II av England (som òg var Hertug av Normandie) forsterka strukturen til bygningane og bygde hovudfasaden til kyrkja på 1100-talet. I 1204 allierte bretagneren Guy de Thouars seg med kongen av Frankrike og tok sete på klippa. Etter å ha sett kommunen i brann og massakrert folkesetnaden vart han tvungen til å slå ned ein tilbaketrekning bak dei kraftige murane i klosteret. Uheldigvis sette brannen han sjølv hadde starta fyr på bygningane og taket fall saman. Skremd av ondskapen og avtvinginga til sin allierte tilbaud Filip Augustus Abbed Jourdain ei gåve til oppføringa av nye bygningar i gotisk stil, som mellom anna inkluderte spisesal og ein klostergang.

Charles VI la til fleire festningsverk rundt klosteret, bygde tårn, fleire borggardar og forsterka festningsvollane.

Tjukk gjørme ligg ved breidda til elva Couesnon ved fjøre sjø.
Tjukk gjørme ligg ved breidda til elva Couesnon ved fjøre sjø.

[endre] Tidvatn

Tidvatnet i området snur raskt, og vart skildra av Victor Hugo som «à la vitesse d'un cheval au galop» eller «raskt som ein galopperande hest». Tidvatnet kjem faktisk inn med om lag ein meter i sekundet.

Tidvatnet kan variere ein stor del, og skilnaden mellom flo og fjøre er om lag 14 meter. Pilgrimmane som kryssa tidvasslettene i mellomalderen kalla staden «St. Mikael i sjøfare», og det kan framleis vere farleg for vitjande å gå utafor vegfyllinga og ned på sanden rundt klippa. I tillegg er det mogeleg å verte fanga i kvikksand, noko som har krevd fleire liv.

Spiret på Mont Saint-Michel er synleg frå borgarden utafor klosteret.
Spiret på Mont Saint-Michel er synleg frå borgarden utafor klosteret.

[endre] Administrasjon

Øya høyrer til den franske kommunen Le Mont-Saint-Michel, i det franske departementet Manche i regionen Basse-Normandie. Folketalet i 1999 var på 50 personar. Den næraste størrre byen med SNCF-togstasjon er Pontorson.

[endre] I populærkultur

  • Mont Saint-Michel var ein del av Imax-filmen «Chronos» frå 1985, der ein kan sjå det innkommande tidvatnet.
  • Filmen Mindwalk av Bernt Amadeus Capra frå 1990 vart filma på klippen.
  • Mike Oldfield komponerte eit instrumentalspor dedisert til Mont Saint-Michel, og gav det ut på albumet sitt Voyager i 1996.
  • Den britiske elektronika artisten Aphex Twin gav ut ein song kalla «Mt. Saint Michel Mix+St. Michaels Mount», som visstnok vart laga på reisene hans til begge desse stadane.
  • Slottet er ein del av Disneyland Paris sin 360º-film The Timekeeper.
  • The Mont Saint-Michel var òg ein del av ein scene i den animserte Disneyfilmen Mickey, Donald, Goofy: The Three Musketeers frå 2004.
  • Mont Saint-Michel, i lag med St Michael's Mount, var ein inspirasjon for utforminga av Minas Tirith i filmen The Lord of the Rings: The Return of the King av Peter Jackson.

[endre] Sjå òg

  • La Mère Poulard
  • St Michael's Mount

[endre] Lenkjer ut

Commons har multimedia som gjeld: Mont Saint-Michel


[endre] Koordinatar

48°38′08″N, 1°30′40″W


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -