Mikheil Saakasjvili
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikheil Saakasjvili (georgisk მიხეილ სააკაშვილი), fødd 21. desember 1967 i Tbilisi, er ein georgisk politikar, og president i Georgia sidan 25. januar 2004. Saakasjvili kom til makta etter den såkalla roserevolusjonen i Georgia i november 2003. Store demonstrasjonar mot valfusk ved parlamentsvalet 2. november 2003 førte til at presidenten Eduard Sjevardnadse gjekk av. Saakasjvili leia desse demonstrasjonane. Ved presidentvalet 4. januar 2004 vann han med over 96 % av røystene, og vart den yngste presidenten i Europa, 36 år gamal.
Fornavnet hans vert ofte òg skrive Mikhail, som er ei russisk form. Etternavnet vert òg ofte skrive Saakashvili, som er ei engelsk form.
Føregjengar: Nino Burdzjanadze |
President i Georgia (2004–)
|
Etterfylgjar: |