See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Menneskeanatomi - Wikipedia

Menneskeanatomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kost
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask som reinsker ut påverking frå andre språk eller innfører same språkstilen overalt.
Oversyn over artiklar som treng språkvask.

Anatomi (frå gresk anatomia, oppskjering) er vitskapen om bygnaden til organismar. Til vanleg nyttar ein ordet berre om makroskopisk anatomi, det vil seie studiet av dei strukturane ein kan sjå utan mikroskop. Mikroskopisk anatomi, eller histologi , er studiet av cellar og vev ved hjelp av mikroskop.

Innhaldsliste

[endre] Struktur på anatomien

Ein kan sjå på anatomien ved å ta ei regional tilnærmning eller ei systemisk tilnærmning.

  • Ved ei regional tilnærming blir kvar region av kroppen studert for seg, og alle delar av kvar region blir studert samstundes. Det vil seie at ved studiet av brystkassa så blir alle strukturar i ho studert. Dette inkluderar blodkar, nervar, bein, musklar og alle andre strukturar og organar som er i brystkassa. Etter å ha studert denne regionen så blir dei andre regionane (magen, bekkenet, overekstremitetane, underekstremitetane, ryggen, hovudet og halsen) studert på same viset.
  • Ved ei systemisk tilnærming blir kvart system i kroppen studert og fulgt gjennom heile kroppen. Til dømes vil ein ved studiet av sirkulasjonssystemet kikke på hjartet i brystkassa og følgje blodkara ut i resten av kroppen. Det same kan ein gjera med nervesystemet, respirasjonssystemet, skjelettsystemet, meltingssystemet og lymfesystemet.

[endre] Viktige anatomiske termar

  • Den anatomiske utgangsstillinga er utgangspunktet for posisjonane til ulike strukturar. I den anatomiske utgangsstillinga er kroppen oppreist med beina saman, hendene inntil kroppen og ansiktet retta framover. Håndflatene og tærne skal synes/rettast framover.
  • Anatomiske plan blir nytta for å dele kroppen inn i ulike delar.
    Anatomiske plan
    Anatomiske plan
    • Koronarplanet er orientert loddrett (vertikalt) og delar kroppen inn i ein fremre og bakre del.
    • Sagittalplanet er òg orientert loddrett, men står vinkelrett på koronarplanet slik at kroppen blir delt inn i høgre og venstre halvdel. Planet som delar kroppen inn i eksakt like store halvdelar er median sagitalplanet (midtlina).
    • Transvers-, horisontal- eller aksialplanet delar kroppen inn i ein øvre og nedre del.
  • Omgrep som skildrar plasseringa av strukturar i høve til heile kroppen eller til andre strukturar
    • Anterior (eller ventralt) og posterior (eller dorsalt) skildrar plasseringa av strukturar i høve til framre eller bakre del av kroppen. Til dømes er nasen ein anteriør struktur, mens ryggsøyla er ein posteriør struktur. I tillegg er nasen anterior for augene og ryggsøyla er posterior til brystbeinet. Dei norske orda fremre og bakre tydar nett det same.
    • Medial og lateral skildrar plasseringa av strukturar i høve til det mediane sagitalplan (midtlinja). Til dømes er nasen i det mediane sagitalplan. Mens augene er lateralt for nasen og medialt for øyrene.
    • Superior og inferior skildar strukturar i høve til den vertikale aksen i kroppen. til dømes er hodet superiørt for skuldrene mens låret er inferiørt for lysken. Dei norske orda øvre og nedre tydar nett det same.
    • Proksimal og distal blir bruka for å skildre om noko er nærare eller lenger vekke frå starten på ein struktur. Til dømes armen, kor handa er distal for ålbogen, mens skuldra er proksimal for ålbogen. Dei norske orda ytre og indre tydar nett det same (evt. ytst/yttarst og inst/innarst).
    • Overflatisk (eng. superficial) og djupt (eng. deep) nyttar overflata på kroppen som referansepunkt. Til dømes er brystbeinet overflatisk i høve til hjartet, mens magesekken er djupt for abdominalveggen.

[endre] Medisin og latin

I Noreg nyttar ein oftast latinske namn på strukturar i kroppen, av og til fornorska latin, men stadig oftare norske namn. I engelske lærebøker og ved medisinstudiene i USA nyttar ein anglofiserte versjonar av dei latinske strukturnamna. Til dømes heiter det arteria coronaria dexter på latin, den høgre koronararterien på norsk-latin, den høgre kranspulsåra på norsk og the right coronary artery på engelsk.

[endre] Visualisering av strukturar

Man kan visualisere dei indre strukturane i kroppen ved hjelp av ulike metodar.

[endre] Regional tilnærming

  • Ryggregionen
  • Brystkasseregionen
  • Mageregionen
  • Overekstremitetene
  • Underekstremitetane
  • Hode-/Halsregionen

[endre] Systemisk tilnærming

[endre] Organ

[endre] Kjelde

  • Bokmålswikipediaen


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -