Kjønnsorgan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjønnsorgan er kroppsdelar som blir brukte til kjønna formeiring. Det finst ytre kjønnsorgan som overfører eller tek imot kjønnsceller, og indre kjønnsorgan som lagar og sender ut slike celler og eventuelt tek vare på embryoet.
Hjå dyr er desse organa som oftast ulikt utforma hjå hannar og hoer, gjerne slik at overføring av spermiar skjer ved at hannens reproduksjonsorgan blir ført inn i hoas reproduksjonsorgan, der det sender ut spermiar. Dei fleste dyr som har indre befruktning har ytre kjønnsorgan, men ikkje alle. Hjå fuglar skjer forplantinga ved at spermiane blir overførte frå hannen sin kloakkopning til hoa sin.
[endre] Pattedyr
Forplantningsorgan hjå pattedyr har som regel tre hovuddelar.
Hjå hoer:
- Eggstokkar (ovariar) som dannar eggceller
- Livmor (uterus) der fosterutviklinga finn stad
- Skjede (vagina) som er eit mottaksapparat for spermiar.
Hjå hannar:
- To testiklar som dannar spermiar
- Prostata som produserer sædvæske
- Penis som fungerer som leveringsapparat for spermiar.
[endre] Andre dyr
Forplantningsorganet til insekthannen heiter aedeagus. Fiskar har gatt og blekksprutar ligula.
Menneskelege kjønnsorgan |
Hos kvinna: vulva (med klitoris), kjønnslepper, vagina, eggleiarar, eggstokkar, livmor |
Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over anatomispirer. |