Mai
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Månadene i den vestlege kalenderen |
1 januar 2 februar 3 mars 4 april 5 mai 6 juni 7 juli 8 august 9 september 10 oktober 11 november 12 desember |
|
jødisk muslimsk bahá’í |
Mai er den femte månaden i den julianske og gregorianske kalenderen og har 31 dagar.
Namnet kjem truleg frå den greske gudinna Maia, som seinare blei identifisert som den romerske grødegudinna Bona Dea eller Maia Maiestas. Høgtida for den romerske gudinna blei halden i mai.
I Finland heiter månaden toukokuu, ‘såmånaden’. I Slovenia heiter han veliki traven, ‘månaden med høgt gras’.
[endre] Viktige hendingar i mai
- 1. mai blir feira som arbeidardagen i fleire land
- 17. mai er norsk nasjonaldag
- Slutten på den andre verdskrigen blir feira den 8. mai i Vest-Europa og den 9. i Aust-Europa