Lyngsalpane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lyngsalpane | ||
---|---|---|
Høgd over havet | Jiehkkevárri (1833 moh) | |
Ligg i/på | Troms i Noreg |
Lyngsalpane er eit fjellområde som ligg på halvøya mellom Ullsfjorden og Lyngen i Troms fylke. Det høgaste fjellet i fjellområdet er Jiehkkivarre som også er det høgaste fjellet i Troms. Fjellkjeda har ei lengd på minst 90 km (avhengig av definisjonen sidan fjella går heilt til grensa av Sverige) og ei breidd på 15-20 km. Fjella dominerer Lyngehalvøya. Den britiske fjellklatraren William Cecil Slingsby var den første til å klatre til toppen av mange av fjelltoppane.
Desse alpine fjella er populære hos ekstremskiløparar og dannar flotte kulissar mot dei blå fjordane. I tillegg til Jiekkevarre er Store Lenangstind eit av dei mest prominente fjella. Det er fleire isbrear i fjella. Lyngsalpane er høge nok til å skape ein regnskugge i dei lågareliggande områda aust for fjella.
Lyngsalpane ligg hovudsakleg i kommunane Lyngen og Balsfjord, men det er fleire fjell lenger sør og aust. Desse er derimot ikkje like imponerande som Lyngsalpane.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Lyngsalpane» frå Engelsk Wikipedia, den 21. april 2008.
- Engelsk Wikipedia oppgav desse kjeldene:
- J.Tollefsrud. E. Tjørve, P. Hermansen: Perler i norsk natur - en veiviser; Aschehoug, 1991.
- A. Dyer et al "Walks and Scrambles in Norway", ISBN 1-904466-25-7.
- Engelsk Wikipedia oppgav desse kjeldene: