Løten
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0415 |
Fylke: | Hedmark |
Administrasjonssenter: | Løten |
Flatevidd: | 369 km² |
Folketal: | 7 251 (2008) |
Målform: | Bokmål |
Internettside: | www.loten.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Bente Elin Lilleøkseth (Ap) 2007-2011 |
Løten er ein kommune i Hedmark fylke. Kommunen ligg mellom Hamar og Elverum. Namnet Løten kjem av norrønt språk Lautin. Ordet er ein kombinasjon av "Laut" og "vin". Laut tyder ei djupne i bakken og "vin" tyder eng. Namnet vart skrive "Løten" frå starten av 1800-talet.
Løten den av dei opphavlege tettstadane på Hedmarken som låg lengst aust. Området har vore ei gjennomfartsåre for trafikk mellom aust og vest i uminnelege tider. Det gamle kommunesenteret låg ved Løten kyrkje, som er frå 1200-talet. Då jarnbanen Grundsetbanen vart opna i 1862, vart Løten stasjon det nye senteret for handel og administrasjon.
Løiten Brænderi, som vart oppretta i 1855, har vore med å gjera Løten kjend. Akevitt-produksjonen vart overteke av Vinmonopolet i 1927, men råspritproduksjonen heldt fram til 1990-åra. Den tradisjonsrike Løiten-akevitten vert i dag produsert av Arcus Produkter.
[endre] Kjende personar frå Løten
[endre] Bakgrunnsstoff
- Klevfos Industrimuseum (http://www.klevfos.no/innhold/klevfos/forside.html)
- Løiten Brænderi (http://www.lbr.no/)
- Kommunefakta Hedmark (Statistisk Sentralbyrå)
|