Vinmonopolet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
AS Vinmonopolet er eit norsk føretak eigd av staten ved Arbeids- og sosialdepartementet. Føretaket har eit statleg, nasjonalt monopol på butikksal av vin, brennevin og sterkøl.
Vinmonopolet vart etablert som eit privat aksjeselskap under statleg kontroll 30. november 1922. Etterkvart kjøpte staten ut dei private eigarinteressene, og etter 1939 har Vinmonopolet vore eit fullt ut statleg føretak.
AS Vinmonopolet hadde i 2003 188 butikkar og 1699 tilsette.