See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Hamlet - Wikipedia

Hamlet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Detalj frå Daniel Maclise sitt måleri frå 1842 The Play-scene in Hamlet.
Detalj frå Daniel Maclise sitt måleri frå 1842 The Play-scene in Hamlet.

Hamlet er eit skodespel av dramatikaren og skodespelaren William Shakespeare. Det vart skrivi mellom 1598 og 1602, og vart trykt fyrste gong i 1603. Hamlet er eit av Shakespeares mest vidgjetne og oppførde stykke. Det svært kjende sitatet "å vere eller å ikkje vere, det er spørsmålet" kjem herifrå. Sjølve kjerna i historia stammar frå Saxo Grammaticus. I verket Gesta danorum, skildra Saxo myta om prins Amletus, eller Amleth. Shakespeare la denne historia til "Elsinore", dvs. Helsingør. Kronborg slott vert difor ofte av turistar kalla "Hamlet's Castle".

[endre] Handlingsreferat

Dramaet handlar om den danske prinsen Hamlet som er komen heim frå eit opphald i Tyskland. Han kom for å sørgje over far sin, kongen av Danmark, som døydde brått. Vel heime blir Hamlet oppsøkt av eit skrømt som gjev seg ut for å vera nett kongen. Det fortèl at kongen vart drepen av bror sin, Claudius, som gifta seg med Gertrude, mor åt Hamlet ikkje lengje etter kongen vart gravlagd. Motivet åt Claudius tykkjest å vera makt, og Hamlet svergar å hemne far sin. Gjennom stykket viser det seg at Hamlet er ein reflekterande meir enn ein valdeleg person, og handlinga blir drivi framover av hovudpersonen si indre strid. Etter tallause moralske og vondskapsfulle forviklingar, endar dramaet med tragedie og død for dei fleste involverte.

[endre] Bakgrunnsstoff

  • HyperHamlet - research project at the University of Basel (English)

[endre] Referansar

Shakespeare, William: Hamlet. Berkshire, Penguin Books 1994.



aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -