Halogen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halogena er grunnstoffa i gruppe 17 eller hovudgruppe 7 i periodesystemet. Stoffa i denne gruppa har sju valenselektron og har ofte oksidasjonstal -I i sambindingar. Alle halogena er elektronegative, og sambindingar mellom metall og halogen er oftast salt.