Fredrik V av Danmark-Norge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fil:Frederik V of Denmark.jpg | |
Norsk konge: | 1746-1766 |
Dansk konge: | 1746-1766 |
Valspråk: | Ved forsigtighed og bestandighed. |
Etterfylgde | Christian VI |
Vart etterfylgd av: | Christian VII |
Fødedato: | 1723 |
Fødestad: | |
Dødsdato: | 1766 |
Frederik V (1723 - 1766), av den oldenborgske slekta, var konge av Danmark og Noreg frå 1746 til 1766.
Han var son av kong Christian VI og Sophie Magdalene av Brandenburg-Kulmbach. Mor hans kalla han "der dänische Prinz" (på tysk: den danske prinsen). Nokre gonger tala han dansk i staden for tysk. Tysk var morsmålet. Han gifta han seg med Louise av Storbritannia den 10. november 1743 i Hannover. Bror til brura, hertugen av Cumberland, var til stades i staden for henne. Det "eigentlege" giftarmålet fann stad den 11. desember i København same år. Med dronninga fekk han fem born, mellom dei den seinare Christian VII. Like mange born fekk han med Madam Hansen. Else Hansen var den elskarinna han likte best. Etter at dronning Louise døydde i barsel i 1751, gifta han seg i 1752 i Fredensborg slottskyrkje med Juliane Marie av Braunschweig-Wolfenbuttel. Paret fekk berre ein son, Frederik, far til den seinare kong Christian VIII av Danmark.
Trass at Frederik vaks opp i ein strengt pietistisk heim, vart han ein livsnjotar som elska kvinner og vin. Tida gjekk med til byrundar på vertshus og bordell. Faren, den strengt religiøse Christian VI, tenkte på å gjera han umyndig. Kongen sine alkoholproblem utvikla seg, så den røynlege makta låg i hendene på geheimerådet og overhoffmarskalken Adam Gottlob Moltke. Trass drukkenskapen og utskeiingane, nytte den livlege og livsglade kongen stor popularitet. I motsetnad til Christian VI snakka han dansk. Kunst og vitenskap fekk gode høve, og offentlege teaterframsyningar vert tilletne.
Frederik V si regjeringsperiode var prega av framgang for handel og den spirande industri, med krutverk og kanonstøperi i Frederiksværk. Den første store danske industriverksemda vart oppført av Johan Frederik Classen. Krav om jordreform i Danmark vart ikkje imøtekome av Moltke, og bøndene merka ikkje noko til den økonomiske framgangen. I same tidsrom vart Det Kgl. Opfostringshus, Frederiks Hospital og Kunstakademiet oppretta i København. Han lét byggja bydelen Frederiksstaden med Amalienborg som knutepunkt. Dei fire palea i Amalienborg stod ferdige i 1760, medan Salys sin rytterstatue av Frederik V kom i 1771. Kongen skulle ikkje sjølv bu i Frederikstaden. Han gav tomter med god plassering til viktige borgarar, mot at dei oppførde eit palé på tomta. I 1766 døydde Frederik V, berre 42 år gamal. Han vart gravlagd i Roskilde Domkyrkje og etterfylgd av sin son Christian VII.
Gift 1) med Louise av Storbritannia,
Born:
- Sofia Magdalena av Danmark, fødd 1746, gift med Gustav III av Sverige.
- Karoline av Danmark, fødd 1747, gift med Wilhelm I av Hessen-Kassel.
- Christian VII av Danmark, fødd 1749
- Louise av Danmark, fødd 1750, gift med Karl av Hessen-Kassel.
Gift 2) med Juliane Marie av Braunschweig-Wolfenbüttel
Barn:
- arveprins Frederik av Danmark, fødd 1753.
Etterfylgde: |
Sjå òg Liste over norske monarkar |
Etterfylgjar: |