Farao
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Farao er ein herskartittel brukt om gudekongane i det gamle Egypt. Han stammar frå det egyptiske ordet ordet pr-o, som i hebraisk form (hebraisk: פרעה) blei brukt i Bibelen, og betyr «det store huset». Opphavleg viste dette til kongepalasset, men seinare blei det brukt som ein tittel for kongen sjølv.
Tittelen er kjent første gang frå et brev til farao Tuthmose III. Han blei senere brukt som ei tiltaleform. Kongen bar offisielt ein tittel som bestod av fem navn. Farao var ikke eitt av dei, men blei med tida ei viktig nemning på kongen.
[endre] Ymse
«Fy farao» er eit humoristisk norsk kraftuttrykk, danna som ein eufemisme frå «fy faen».
[endre] Se også
- Faraoar i Egypt