Faen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ordet faen er ein forenkla form av det norske ordet fanden, som er eit gamalt norsk omgrep brukt om djevelen. Ordet vert reikna for bannskap i vårt språk, og vert òg brukt i svensk, dansk og færøysk.
[endre] Ordhistorie
Fanden kjem frå ordet fjándinn, ein norrøn bøyingsform av fjándi som tyder fiende, altså djevelen. I yngre norrønt vart denne forma til fendinn, og vidare til fanden og faen i moderne norsk. Ordet har opphav i det indoeuropeiske pe(i) som skal ha hatt tydinga 'å gjere skade på' [1]. Pe(i) vart i germansk til fijan, med tydinga å hata, som har gitt opphav til tysk Feind, engelsk fiend og gotisk fijands [2].
[endre] Kjelder
Denne artikkelen inneheld berre ein ordboksdefinisjon. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å gi artikkelen meir innhald. | |
Sjå òg: Oversyn over definisjonar. |