Ekte beinfisk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ekte beinfisk |
||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Actinopterygii | |
Infraklasse: | Teleostei | |
Vitskapleg namn | ||
Teleostei |
Dei ekte beinfiskane eller teleostane (Teleostei) er ein infraklasse strålefinnefisk som omfattar 20.000 kjende artar i omkring 40 ordenar. Gruppa er særs mangfaldig, og oppsto i triastida.
Teleostar er, både om ein reknar i tal på artar eller i biomasse, dei mest dominerande virveldyra på kloten.
[endre] Kjenneteikn
Teleostar har bevegeleg overkjeve og tilsvarande endringar i kjevemuskulaturen. Desse modifikasjonane gjer det mogleg for fisken å skyva kjevene ut or sjølve munnen.
Halefinna er homoceral, det vil seie at den øvste og den nedste delen er tilnærma symmetriske til kvarandre. Ryggraden ender ved halerota, og går såleis ikkje vidare opp i halefinna.
[endre] Systematikk
-
- Infraklasse Teleostei (ekte beinfisk)
- Overorden Osteoglossomorpha
- Orden Osteoglossiformes
- Orden Hiodontiformes
- Overorden Elopomorpha
- Orden Elopiformes
- Orden Albuliformes
- Orden Notacanthiformes (piggålar)
- Orden Anguilliformes (ålefisk)
- Orden Saccopharyngiformes
- Overorden Clupeomorpha
- Orden Clupeiformes (sildefisk)
- Overorden Ostariophysi
- Orden Gonorynchiformes
- Orden Cypriniformes (karpefisk)
- Orden Characiformes (m.a. tetra og piraja)
- Orden Gymnotiformes (knivfisk, elektrisk ål)
- Orden Siluriformes (mallefisk)
- Overorden Protacanthopterygii
- Orden Salmoniformes (laksefisk)
- Orden Esociformes (gjeddefisk)
- Orden Osmeriformes
- Overorden Stenopterygii
- Orden Ateleopodiformes
- Orden Stomiiformes (lysfisk)
- Overorden Cyclosquamata
- Orden Aulopiformes (øglefisk)
- Overorden Scopelomorpha
- Orden Myctophiformes (lysprikkfisk)
- Overorden Lampridiomorpha
- Orden Lampriformes (bandfisk)
- Overorden Polymyxiomorpha
- Orden Polymixiiformes
- Overorden Paracanthopterygii
- Orden Percopsiformes
- Orden Batrachoidiformes
- Orden Lophiiformes (marulkar)
- Orden Gadiformes (torskefisk)
- Orden Ophidiiformes
- Overorden Acanthopterygii
- Orden Mugiliformes (mulle)
- Orden Atheriniformes
- Orden Beloniformes (horngjelfisk; m.a. flygefisk)
- Orden Cetomimiformes
- Orden Cyprinodontiformes (tannkarpar)
- Orden Stephanoberyciformes'
- Orden Beryciformes (beryxfisk)
- Orden Zeiformes (Sanktpetersfiskar)
- Orden Gobiesociformes (dobbeltsugarar, stundom rekna som ein underorden innanfor piggfinnefisk)
- Orden Gasterosteiformes (m.a. stingsild)
- Orden Syngnathiformes (nålefisk, sjøhestar; ofte plassert som ein underorden innanfor ’’Gasterosteiformes’’)
- Orden Synbranchiformes
- Orden Tetraodontiformes (fastkjevefisk)
- Orden Pleuronectiformes (flyndrefisk)
- Orden Scorpaeniformes (ulkefisk)
- Orden Perciformes (piggfinnefisk, omfattar 40% av alle fiskeartar, m.a. åbor, leppefisk, ciklidar, makrell, kutlingar, steinbit og fjesing)
- Overorden Osteoglossomorpha
- Infraklasse Teleostei (ekte beinfisk)