Marulkar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marulkar |
||
Systematikk | ||
Rekkje: | Chordata | |
Underrekkje: | Vertebrata | |
Klasse: | Actinopterygii | |
Infraklasse: | Teleostei | |
Orden: | Lophiiformes |
Marulkar er ein orden beinfisk som lever i havet. Det er beskrive 265 ulike artar på verdsbasis, dei fleste av desse er djuphavsartar frå varme strok. I Noreg førekjem berre breiflabben jamnleg, i tillegg har sargassoulken vorte observert èin gong.
Fisk som reknast til marulkane lever på ein av tre ulike måtar: Nokre artar sym nær botnen, andre lever i tilknytnad til drivande tang og atter andre lever på djupt vatn. Felles for dei fleste artane er at første finnestråla i ryggfinna er omdanna til ein slags «fiskestang»; ei kjøtfull flik som trekk til seg småfisk marulken kan eta. Hjå djupvassartane er det ofte lysorgan i fiskestanga.
[endre] Kjenneteikn
Marulkane er lettast å kjenna att på fiskestanga, som er til stades hjå dei aller fleste artane. Denne er delt opp i «stang» og «agn», og er omdanna frå første finnestråla i ryggfinna. Bukfinnene manglar eller sit framfor brystfinnene, noko som er eit teikn på skyldskap med torskefiskane.
Opninga til gjellekammeret sit anten ved eller bak basis for brystfinnene, ved sjeldsynte høve kan ho òg sitja delvis framfor dei. Artar med symjeblære har ikkje samband mellom denne og svelget.
[endre] Kjelder
- Jonsson, Bror: "Marulker" i Norges dyr, Cappelen 1992
- Fishbase