Nålefisk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nålefisk |
||
|
||
Systematikk | ||
Rekkje: | Chordata | |
Underrekkje: | Vertebrata | |
Klasse: | Actinopterygii | |
Infraklasse: | Teleostei | |
Orden: | Syngnathiformes | |
Vitskapleg namn | ||
Syngnathiformes |
Nålefisk ('Syngnathiformes) er ein orden beinfisk som lever i tropiske eller tempererte vatn over heile verda. Fiskane i familien er som regel særs tynne og avlange, og lever ofte mellom tang og ålegras på grunt vatn. Det er registrert om lag 240 artar, ved norskekysten førekjem sju av dei.
[endre] Kjenneteikn
Nålefisk har avlange kroppar som er pansra med ei serie beinringar. Dei har små munnar som sit ytst på ei røyrforma snute (bortsett frå i slekta Bulbonaricus). Bukfinnene manglar eller sit langt bak på kroppen, medan brystfinnene sit oppe med gjellene. Eit særtrekk med gruppa er at dei manglar ribbein, men har fått dei 3-6 første ryggvirvlane forlenga.
[endre] Systematikk
Standardverket Fishes of the World av Joseph Nelson reknar nålefiskane som ein underorden av stiklingfiskane; og det er brei semje om at dei to gruppene er nærskylde kvarandre. I FishBase vert dei rekna som systergrupper. Det er òg usemje om kva for familiar ein bør rekna med i kva for orden/underorden, Nelson reknar til dømes dei tradisjonelle stiklingfamiliane Pegasidae og Indostomidae til nålefiskane.
FishBase reknar med fem familiar:
- Trompetfiskfamilien Aulostomidae
- Centriscidae
- Fistulariidae
- Spøkelsesnålefisk Solenostomidae
- Nålefiskfamilien Syngnathidae (Havnålar, kantnålar og sjøhester)
[endre] Kjelder
- Jonsson, Bror: «Nålefisk» i Norges Dyr - Fiskene 2 Cappelen 1992
- FishBase