Det pakistanske militæret
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det pakistanske militæret er ei forsvarsstyrke og ei politisk makt i Pakistan. Med rundt 619 000 personell i aktiv teneste er det pakistanske militæret det sjuande største i verda (2007). Om ein legg til dei 302 000 medlemmene i paramilitære styrker og den pakistanske kystvakta har militæret nesten 1 million personell.
Menn og kvinner mellom 16 og 49 år kan bli med i militæret, som ikkje bygger på verneplikt.
Det pakistanske militæret er delt inn i
- Den pakistanske hæren
- Den pakistanske marinen
- Det pakistanske luftvåpenet
- Pakistanske paramilitære styrker
- Den pakistanske kystvakta
- «National Command Authority», ansvarleg for rakettar og atomvåpen