Marine
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein marine er ei forsvarsgrein som hovedsakleg opererar på sjøen. Dei fleste statar med kystlinje har ein marine. Marinen er ofte særs forskjellig frå hæren og flyvåpenet når det gjeld organisering, uniformer og tradisjonar. Marinepersonell ber som regel marineblå uniformer i vintersesongen og kvite uniformer i sommarsesongen. I motsetnad til uniformane til hæren og flyvåpenet er marineuniformane som regel særs forskjellige mellom offiserar og verva/vernepliktig personell.
Ein moderne marine nyttar seg typisk av ein kombinasjon av skip, båtar og undervannsbåtar, i tillegg til luftfarty som opererar frå hangarskip, konvensjonelle krigsskip eller frå land.
Nokre marinar inneheld marineinfanteri som er spesialisert i amfibisk krigføring eller forsvar av skip.