See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Det norske kongeflagget - Wikipedia

Det norske kongeflagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det norske kongeflagget har røter attende til mellomalderen, og er kjent frå eit banner i hertuginne Ingebjørg sitt segl frå 1318. Flagget har riksvåpenets gull-løve med sølv-øks på raud botn. Løva er eit bibelsk symbol for kongen. Øksa i forlabbene symboliserer øksa som drap Heilag-Olav på Stiklestad. Riksvåpenet symboliserer eit samband mellom Noregs evige Konge og riksstyret.

Det norske mellomalderflagget, som eigentlig var eit kongeflagg, vart òg bruka på festningsverk og på skip, inntil Dannebrog overtok på 1600-talet.

Innhaldsliste

[endre] Kongeflagget i unionstida

Kongeflagget 1844-1905, etter teikning i Marinemuseet i Horten.
Kongeflagget 1844-1905, etter teikning i Marinemuseet i Horten.

Frå 1844 til 1905 var kongeflagget eit orlogsflagg med unionsmerke og splitt og tunge, med kongens personlege våpen sett inn midt i krossen. Kongevåpenet var identisk med unionsvåpenet, ein samanstilling i eitt skjold av Sveriges og Noregs. Over skjoldet stod to kroner for å markere at kongen regjerte over to separate kongerike, og det heile var omgjeve av ein våpenkappe med kongekrone over.

Unionskongane etter 1844 brukte det norske kongeflagget mår dei var i Noreg, og eit tilsvarande svensk kongeflagg i Sverige.

Det siste unionskongeflagget som vaia over Slottet i Kristiania er no ein del av Bernadotte-samlinga i Stockholm.

[endre] Kongeflagget etter 1905

15. november 1905 vedtok den norske regjeringa at eit våpenbanner med kongevåpenet – løva med olavsøksa – på raud duk skulle brukast som kongeflagg. Marinefartøyet Heimdal førte dette kongeflagget då kong Haakon VII kom til Kristiania 25. november. Løva i kongeflagget vart utforma etter teikning av målaren Eilif Peterssen.

[endre] Kronprinsflagget

Kronprinsflagget er mindre enn kongeflagget og har ein butt splitt, elles er duken og våpenet det same.

[endre] Bruken av kongeflagget

Fram til 2003 var det slik at kongeflagget vart heist på Slottet når kongen var heime. No er det slik at kongeflagget vert heist på Slottet når kongen er i landet.

Når kongen ikkje er i landet, er det kronprinsen som er regent, og då vaier kronprinsflagget over Slottet. Når både kongen og kronprinsen er utanlands, heisast statsflagget over slottet.

Kongeflagget vert òg bruka på kongeskipet, når kongen er om bord, og på stiftsgården i Trondheim når kongen bur der.

[endre] Lenkjer ut

[endre] Kjelder


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -