See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Sildesalaten - Wikipedia

Sildesalaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Sildesalaten» med svenske proprosjonar, brukt som felles orlogsgjøs og diplomatisk flagg 1844-1905.
«Sildesalaten» med svenske proprosjonar, brukt som felles orlogsgjøs og diplomatisk flagg 1844-1905.
Norsk unionsflagg 1844–1899.
Norsk unionsflagg 1844–1899.
Svensk unionsflagg 1844–1905.
Svensk unionsflagg 1844–1905.

«Sildesalaten» er eit kallenamn på unionsmerket som stod i det øvste hjørnet nærast stanga i det norske og det svenske flagget i frå 1844 til 1898/1905. Det vart innført ved kongeleg resolusjon i felles norsk-svensk statsråd 20. juni 1844.

Namnet «sillsallaten» oppstod i Sverige; opphavsmannen til namnet skal ha vore C. O. Brakel, som brukte tilnamnet i nedsettande meining i ein tale på Riddarhuset i 1859.

Merket kombinerte dei svenske og norske flaggfargane i diagonaldelt form, dei svenske på venstre og høgre side, dei norske øvst og nedst. I norske flagg var merket kvadratisk. I svenske flagg var forholdet mellom lengde og høgd som 5 : 4. «Sildesalaten» var ein del av det norske handelsflagget i perioden 18441899 og i orlogsflagget og kongeflagget til 1905. Sverige brukte unionsmerket både i handelsflagget, statsflagget og orlogsflagget i perioden 18441905.

Unionsmerket aleine, med proporsjonane 5 : 4 som i svenske unionsflagg, vart frå 1844 brukt som felles orlogsgjøs og diplomatisk flagg for svenske og norske utenriksstasjonar og konsulat gjennom resten av unionstida.

Partiet Venstre programfesta kravet om «det reine flagget», og lovforslaget deira om dette vart vedteke med knapt flertall i 1893. Men kong Oscar II nekta å sanksjonere lova. Etter tredje gongs vedtak vart lova gjeldande trass i kongleg sanksjonsnekting i norsk statsråd som kongeleg resolusjon 10. desember 1898, gjeldande frå 15. desember 1899.

Flagglova av 1898 innførte ein ny type flagg, det norske statsflagget, eit flagg med splitt og tunge, men utan unionsmerke, som skulle brukast på statens sivile bygningar og skip. I orlogsflagget heldt ein på unionsmerket fram til unionsoppløysinga, sidan det etter Grunnlova skulle vere eit unionsflagg. Det «reine» orlogsflagg vart heist på alle marinefartøy, militærleirar og festningar 9. juni 1905.


[endre] Sjå òg


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -