See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Demokratisk sosialisme - Wikipedia

Demokratisk sosialisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Demokratisk sosialisme er ei nemning som særleg er bruka av sosialistar som vil understreke avstandstaking frå den totalitære tradisjonen i kommunismen, særleg det som vert kalla stalinisme. Demokratiske sosialistar går inn for sosialisme som grunnlag for økonomien og demokrati som styringsprinsipp.

Dei tidlegare kommunistiske regima, som til dømes Sovjetunionen, hadde sosialistiske element som planøkonomi og samfunnsmessig eigarskap til produksjonsmidla. I byrjinga hadde dei òg arbeidarråd (sovjet), som skulle vera folket sine fritt valde organ og dermed innebera demokratisk styring over staten. Men sovjeta mista makta og ein fekk eit byråkratisk statsapparat leidd av ein liten elite i eittpartistaten. Uttrykket demokratisk sosialisme er uttrykk for eit ynske om eit sosialistisk samfunn der ein ikkje får denne utviklinga, som ein òg har sett i andre forsøk på sosialisme i Asia og Aust-Europa.

Demokratisk sosialisme har historisk ofte vore synonymt med sosialdemokrati, i den opphavlege tydinga der sosialdemokratane sto for ei gradvis omdanning til sosialismen gjennom parlamentarisk arbeid og reformer. Men også meir radikale og jamvel revolusjonære sosialistar brukar omgrepet. Dei norske revolusjonære organisasjonane Raud Ungdom og Sosialistisk Ungdom brukar dette omgrepet i dag. Samstundes unngår desse organisasjonane stort sett å bruka omgrep som marxisme-leninisme og maoisme.

Til stortingsvalet i 1973 registrerte ei utbrytargruppe frå Det norske Arbeidarparti eit parti med namnet Demokratiske sosialister - AIK. Partiet stilte til val gjennom Sosialistisk Valforbund. Leiaren for partiet var Berit Ås. Partiet gjekk i 1975 inn i Sosialistisk Venstreparti.

I våre dagar er det somme som reknar demokratisk sosialisme som noko anna og meir radikalt enn det dei gamle sosialdemokratiske partia står for no, altså som synonymt med venstresosialisme. Likevel reknar til dømes AUF seg å tilhøyre den demokratiske sosialismen[1].

[endre] Kjelde

Mellom anna den engelskspråklege wikipediaen, artikkelen Democratic Socialism

[endre] Fotnotar


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -