Stortingsval
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stortingsval er ei nemning på det demokratiske valet til den norske nasjonalforsamlinga Stortinget. Etter den andre verdskrigen har det vore stortingsval kvart fjerde år. To år etter stortingsvala er det kommune- og fylkestingsval. Samstundes med stortingsval er det sametingsval. Ved stortingsval utgjer kvart fylke eit valdistrikt. Frå kvart fylke kan det veljast eit visst tal stortingsrepresentantar. Kor mange representantar kvart fylke får velja vert rekna ut etter folketalet i fylket og geografiske omsyn. Fylke med liten folkesetnad og langt frå maktsentrumet i Oslo har fått høvesvis fleire representantar i Stortinget. I dei seinare vala har ei stemme i Finnmark fylke telt dobbelt så mykje som ei stemme i Akershus fylke eller Oslo. Ordninga har vorte kritisert på grunn av skeivdelinga i talet på stemmer ein representant må ha for å koma inn. For å bøta på skeivdelinga er det innførd ei ordning med utjamningsmandat.
[endre] Stortingsval
- Stortingsvalet 2005 - 12. september 2005
- Stortingsvalet 2001 - 10. september 2001
- Stortingsvalet 1997
- Stortingsvalet 1993
- Stortingsvalet 1989
- Stortingsvalet 1985
- Stortingsvalet 1981
- Stortingsvalet 1977
- Stortingsvalet 1973
- Stortingsvalet 1969
- Stortingsvalet 1965
- Stortingsvalet 1961
- Stortingsvalet 1957
- Stortingsvalet 1953
- Stortingsvalet 1949
- Stortingsvalet 1945 - 8. oktober 1945
- Stortingsvalet 1936
- Stortingsvalet 1933
- Stortingsvalet 1930
- Stortingsvalet 1927
- Stortingsvalet 1924
- Stortingsvalet 1921
- Stortingsvalet 1918
- Stortingsvalet 1915
- Stortingsvalet 1912
- Stortingsvalet 1909
- Stortingsvalet 1906
- Stortingsvalet 1903
- Stortingsvalet 1897
- Stortingsvalet 1894
- Stortingsvalet 1891
- Stortingsvalet 1888
- Stortingsvalet 1885
- Stortingsvalet 1882
- Stortingsvalet 1879