Androgyn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Androgyn(adjektiv, gresk androgynos, latin androgynus «halvt og halvt», andros = mann + gyne = kvinne) er ein teknisk nemning for å vere tvekjønna. Opphaveleg er ein androgyn ein person som er fødd med både mannlege og kvinnelege kjønnsorgan. Androgyni tyder det å vere tvekjønna. Den første skriftlege førekomst ein kjenner til er frå 1552.
Hermafroditt er eit anna ord for det samme, altså dyr eller planter som har både mannlege og kvinnelege reproduksjonsorgan. Tilstanden kan vere naturlege for enkelte artar, men ikkje hjå pattedyr. Østers og reker er dømer på organismar som kan vere hermafroditt.
Androgyni førekjem ofte i naturreligionar og opphavsmytologi. I norrøn mytologi befrukta jotnen Yme seg sjølv.
Ordet androgyn vert i daglegtale ofte nytta for å beskrive menneske med uklar eller tvetydig sosial kjønnsidentifikasjon.
Denne artikkelen inneheld berre ein ordboksdefinisjon. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å gi artikkelen meir innhald. | |
Sjå òg: Oversyn over definisjonar. |