Alba Patera
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alba Patera | |
HiRISE-bilete av eit utsnitt av kalderaen til Alba Patera |
|
Koordinatar | 40,1° N, 109,8°V |
---|---|
Høgd | ~6 km |
Alba Patera er ein unik vulkansk struktur nord for Tharsis-regionen på Mars. Strukturen er ein enorm skjoldvulkan omtrent 1600 kilometer i diameter, men berre ~6 kilometer høg. Han er den største kjende vulkanen i solsystemet målt i areal og volum (med eit areal på 5,7 ×106 km² dekkjer han 5% av overflata til Mars[1]). Vulkanen har tynnare lavastraum enn andre skjoldvulkanar på Mars, med både enorme plateliknande lag og hundrevis av lange og trange kanalar på sidene. Flesteparten av dei trange kanalane er over 100 kilometer lange; nokre så lange som over 300 km; noko som tyder på utbrot over lang tid av lava med låg viskositet. Alba Patera ligg på eit system av forkastingar som går nordover ifrå Tharsis.
Alba skil seg ifrå dei andre patera-formasjonane på Mars på fleire måtar; vulkanen manglar furete oskeavsetjingar og ligg i lågland og ikkje i høgland.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Sjå òg
[endre] Fotnotar
|
|||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Geografi |
|
||||||||||||||
Månar | Phobos • Deimos Oppdaging • Overflatetrekk • Stickney-krateret på Phobos • Phobos og Deimos i fiksjon |
||||||||||||||
Meteorittar | ALH84001 • Chassigny • Kaidun • Shergotty • Nakhla | ||||||||||||||
Utforsking | Kolonisering • Phobos-programmet • HiRISE • Bemanna ferder • Marslanding • Marsrover • Menneskeskapte objekt på Mars • Terraforming | ||||||||||||||
Formørkingar og passasjar |
|
||||||||||||||
Andre emne | Marskryssarasteroide • Astronomi på Mars • Darianske kalender • Tid på Mars • Haughton-Mars-prosjektet • Mars Society • Marsflagget • Mars i fiksjon |