Stickney-krateret
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stickney-krateret er det største krateret på marsmånen Phobos. Det ligg på 5°S 55°V på Phobos og utgjer med sine ni kilometer i diameter ein stor del av månen si overflata. Krateret er namnsett etter Chloe Angeline Stickney Hall, kona til Asaph Hall, oppdagaren av Phobos. [1] Inne i Stickney-krateret ligg eit mindre krater som er danna av eit seinare nedslag.
Grøfter og kraterkjeder som tilsynelatande strålar ut ifrå Stickney har leidd til teoriar om at nedslaget som laga krateret nesten øydela månen. Forsking gjort ved hjelp av Mars Express-sonden indikerer at dette ikkje er tilfelle og at dei har blitt danna av materiale kasta av Mars under nedslag på planetoverflata. Kraterveggane til Stickney har ein tydeleg lineær tekstur som skuldast ras i kratersidene. [2]
[endre] Biletgalleri
Stickney-krateret, øvst, fotografert av Mars Global Surveyor |
Montasje av tre individuelle bilete tekne av Viking 1-sonden 19. oktober 1978 |
[endre] Fotnoteliste
- ↑ Blue, Jennifer. «Phobos Nomenclature: Crater».
- ↑ Fargebilete av Phobos ifrå 6800 kilometer. NASA/JPL-Caltech/University of Arizona (09.04.2008).
|
|||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Geografi |
|
||||||||||||||
Månar | Phobos • Deimos Oppdaging • Overflatetrekk • Stickney-krateret på Phobos • Phobos og Deimos i fiksjon |
||||||||||||||
Meteorittar | ALH84001 • Chassigny • Kaidun • Shergotty • Nakhla | ||||||||||||||
Utforsking | Kolonisering • Phobos-programmet • HiRISE • Bemanna ferder • Marslanding • Marsrover • Menneskeskapte objekt på Mars • Terraforming | ||||||||||||||
Formørkingar og passasjar |
|
||||||||||||||
Andre emne | Marskryssarasteroide • Astronomi på Mars • Darianske kalender • Tid på Mars • Haughton-Mars-prosjektet • Mars Society • Marsflagget • Mars i fiksjon |