Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/2008
Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
- Uke 1
Ein almanakk er ein årleg kalender som inneheld informasjon om eitt eller fleire emne knytt til dei ulike dagane.
Den informasjonen som er mest vanleg å finne i ein tradisjonell vestleg almanakk er astronomiske data, og statistikk over til dømes soloppgang og -nedgang, fullmåne og halvmåne, tidvatn, offentlege høgtidsdagar, helgedagar og liknande.
Forgjengaren til almanakken er rekna å vere den greske vêr-kalenderen, parapegma, kjend frå det 2. århundret. Den eldste kjende almanakken etter moderne mønster blei laga i 1150 av Solomon Jarchus. Den eldste kjende norske almanakken er datert til 1643, då Tyge Nielssøn gav ut sin almanakk; Allmanach paa det aar efter Jesu Christi Fødsel 1644, på 48 sider. Denne almanakken er òg rekna å vere den første norske boka som har vorte publisert.
Ordet almanakk kjem truleg av arabisk al-manākh, 'klimaet', og reflekterer det opphavlege føremålet med almanakken: Å informere om korleis vêr og klima kom til å påverke jordbruket. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 2
Korfu eller Kerkyra er ei øy i Det joniske havet i Hellas. Ho ligg utafor kysten av Albania og mellom øya og fastlandet går det eit 3 til 23 km breidt sund. Hovudbyen på øya og i prefekturet, Kérkyra prefektur, er Kérkyra by. Her ligg mellom anna Det joniske universitetet. Øya har ei rik historie som er nært knytt til den greske historia med start i gresk mytologi.
Det greske namnet Kerkyra er knytt til to mektige symbol på vatn: havguden Poseidon og Asopos, ei viktig elv på det greske fastlandet. I følgje mytene skal Poseidon ha forelska seg i den vakre nymfa Korkyra, dottera til Asopos og elvenymfa Metope, og bortførte ho. Poseidon førte ho til Korfu, som då ikkje hadde namn enno. Han tilbydde seg å kalla øya opp etter ho, som etter kvart utvikla seg til Kerkyra. Saman fekk dei bornet Faiax, som innbyggjarane på øya er kalla opp etter: Faiakarar (på latin Phaeacius).
Historien om Kerkyra er full av slag og erobringar, noko ein kan sjå igjen i alle borgene og festningane på strategiske stader rundtom på øya. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 3
Thorstein Veblen (1857—1929) var ein norsk-amerikansk sosiolog og økonom, og ein av grunnleggjarane av rørsla for institusjonell økonomilære. Han var ein sterk kritikar av amerikansk økonomi, og er mest namngjeten for verket The Theory of the Leisure Class (1899). Veblen vart fødd i Cato i Wisconsin, av norske innvandrarforeldre. Norsk var første målet hans.
Veblen utvikla ei evolusjonær økonomilære for det 20. hundreåret basert på dei nye idéane som kom frå antropologi, sosiologi og psykologi. Ulikt nyklassisk økonomilære som voks fram på same tida, skildra Veblen økonomisk åtferd som sosialt heller enn individuelt bestemt, og han såg økonomisk organisering som ein stadig utviklingsprosess. Denne prosessen var driven av menneskelege instinkt som emulasjon (etterlikning), predasjon (rov), fagstoltheit, foreldreinstinkt og meiningslaus nyfikne. Folk, både rike og fattige, prøver å imponere andre og å stå fram som vinnarar ved det Veblen kalla «conspicuous consumption» (brautande forbruk) og «conspicuous leisure» (brautande fritid). I dette verket seier Veblen at forbruk blir bruka som ein måte å få og vise status på. Gjennom «conspicuous consumption» kom ofte «conspicuous waste» (brautande sløsing), som Veblen avskydde. Mykje av moderne reklame er bygd på det Veblen tala om når det gjeld forbruk. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 4
Inkarikets fall er omgrepet nytta om historia om korleis inkadynastiet tapte makta over inkariket til Spania. Det gjekk nærare 25 år frå europearane først kom til Stillehavet i 1513 og fekk høre om eit gulland i sør, til inkaene i røynda tapte riket til den spanske krona med slaget i Cajamarca og dei spanske conquistadorane kontrollerte inkariket. Slaget som avgjorde utfallet tok om lag 2 timar, kosta dei innfødde ca 6-7000 liv utan at nokon spanjolar vart såra.
Det kom fleire mindre motåtak og eit alvorleg opprør. Frå tidspunktet då den spanske conquistadoren Francisco Pizzaro på erobringstoktet gjekk i land i byen Tumbes lengst nord i det moderne Peru våren 1532 skulle det gå vel fire år fram til siste store motstanden mot inntrengjarane vart slegen ned. Det skjedde etter det mislukka inkaopprøret i 1536 i Cuzco under leiing av inkamarionetten Manco Cápac II. Etter dette opprøret eksisterte ei lita sjølvstendig statsdanning for dei siste inkaene og herskarklassen med senter i Vilcabamba over ein periode på 36 år, leia av Manco Cápac og etterfylgjarane hans. I 1572 vart den siste inka og dei øvste hærfolka hans teken av spanske styrkar. Hendinga i 1572 stadfesta endeleg inkarikets fall sjølv om det er meir rett å vise til 16. november 1532 med slaget i Cajamarca. I Europa har maktovertakinga oftast vore nemnt som erobringa av inkariket. Les meir
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 5
Hans Holbein den yngre (1497/98-1543) var ein biletkunstnar fødd i Augsburg i Bayern. Kunsten hans fell inn under stilretninga nordleg renessanse og han var mellom dei heilt fremste av portrettmålarar i sin periode. Hovudområda han budde og arbeidde i var Basel i Sveits og London i Storbritannia. Holbein arbeidde med teikning, grafikk og måleri. I tillegg formgav han glasmåleri, klesdraketer og anna, og han illustrerte bøker. Frå 1536 var han hoffmålar hjå kong Henrik VIII av England. Måleriet Ambassadørane vert rekna som han viktigaste verk. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 6
Tåke eller skodde er ei sky som er i kontakt med bakken. For å kallast tåke må sikten vera under 1000 m.
Den staden med mest tåke i verda er Grand Banks utanfor øya Newfoundland, Canada. Det oppstår ofte tåke her fordi den kalde havstraumen Labradorstraumen frå nord her møter den mykje varmare Golfstraumen frå sør.
I Noreg varierer det frå landsdel til landsdel kva tid på året det kjem mest tåke. Kysten av Barentshavet, Norskehavet og sørover til Jæren er mest utsett for tåke om sommaren, medan Sørlandskysten er mest utsett om våren. Austlandet får som regel mest tåke om vinteren, og er særleg utsett i periodar med sørleg, mildt luft som kjem inn over eit snødekt landskap.
Tåke oppstår normalt når relativ fukt når 100 % på bakkenivå, men havtåke kan oppstå i turrare luft. Tåke kan dannast brått, og løysast opp like brått, avhengig av på kva side av doggpunktet temperaturen er. Les meir...
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 7
Fitjar er ein kommune i Hordaland fylke, i Sunnhordland. Størstedelen av kommunen ligg på øya Stord, der kommunen Stord ligg i sør, og Fitjar kommune ligg i nord. I tillegg til Stord er mange øyar ut mot Selbjørnsfjorden ein del av øykommunen Fitjar.
Fitjar var i lange tider ein kongsgard og truleg eit høvdingsete sidan bronsealderen, og i dag er staden kanskje mest kjend for slaget på Fitjar. Sogespelet Kongen med Gullhjelmen eller Håkonarspelet er eit spel til minne om kong Håkon I den gode og slaget.
Den første kyrkja på Fitjar var frå 1100-talet, og truleg bygd i tilknyting til kongsgarden. Den gamle steinkyrkja vart riven i 1860-åra, og den noverande trekyrkja vart bygd på same staden i 1867. Stein frå den gamle kyrkja vart nytta som steingard rundt kyrkjegarden. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 8
Ferskvassfisk er fisk som lever heile eller delar av livet sitt i ferskvatn, det vil seie i elver og innsjøar med salinitet på under 0,05 %. Tilhøva i desse miljøa skil seg frå dei i havet på mange punkt; den mest openberre skilnaden er det ulike saltinnhaldet. For å kunne overleva i ferskvatn treng fisken ei rekkje fysiologiske tilpassingar for å halda ein god balanse av salt i kroppen.
41 % av alle kjende fiskeartar førekjem i ferskvatn. I Noreg er det registrert 42 ulike artar ferskvassfisk, men det finst ingen vassdrag kor ein finn alle saman. Dei mest artsrike fiskesamfunna finn me i lavlandet på Austlandet. Langsmed norskekysten er økosystema hovudsakeleg dominerte av anadrome fisk som laks og aure. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 9
Temperatur er den fysiske eigenskapen som er grunnlaget for om ein lekam vert oppfatta som varm eller kald. Lekamen med høgast temperatur vil oppfattast som varmast. Temperatur er direkte knytt til mengda varmeenergi i systemet, det vil seia tilfeldige rørsler i atom og molekyl i systemet. Ein auke i temperaturen tilsvarar ein auke i den absolutte gjennomsnittsfarten til atoma og molekyla.
Temperatur blir målt med eit termometer og kan kalibrerast til å gjelde for forskjellige temperaturskalaer. I dei fleste områda av verda bruker ein Celsius+skalaen, bortsett frå USA som brukar Fahrenheit. SI-eininga for temperatur er derimot kelvin (K). Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 10
Halldis Moren Vesaas (18. november 1907 - 8. september 1995) var ein norsk lyrikar, omsetjar og kulturarbeidar, som på mange område gjorde ein omfattande innsats for nynorsk språk og kultur. Dei fleste av diktsamlingane hennar, seks av i alt åtte, kom ut i åra frå 1929 til 1947. Det sentrale temaet er opplevingar og kjensler hjå kvinner gjennom dei ulike livsfasane: ungdom, forelsking, samliv i lukke og i motgang, morsrolle og til sist den modne kvinna og hennar perspektiv på livet og gleda ved ny kjærleik. Halldis Moren Vesaas vann ry som gjendiktar gjennom arbeidet sitt med klassisk dramatikk, ho var ein ettertrakta opplesar, og ho hadde fleire sentrale verv i kulturlivet, mellom anna i Riksteateret, forfattarforeininga og Norsk kulturråd. Ho var fødd i Trysil, det meste av det vaksne livet sitt budde ho på Midtbø i Vinje, frå 1933 til rundt 1970, saman med ektemannen og kollegaen Tarjei Vesaas. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 11
Den galne måndagen eller Galne-Måndagen var eit uvêr som slo inn over Vestlandet 11. mars 1822. Truleg mista rundt 300 mann livet på havet under stormen.
Uvêret kom særs brått på og dagen hadde starta med stille og fint vêr og blankt hav, og mange fiskarar skal ha kome frå fjordbygdene for å vere med på fisket, som hadde vore særs godt så langt det året. Ein gamal fiskar skal ha meint at han kunne sjå teikn på at det var uvêr i emne, men ingen valde å høyre på han og la ut til havs. Ut på dagen skya det til og det byrja å sludde og snø. Vinden auka raskt på til orkan. Muntlege overleveringar tyder på at 300 menneske drukna til havs og i tillegg omkom fleire på land då bygningar raste saman eller dei fraus i hel. I kyrkjebøkene kan ein telje opp om lag 150 menneske som omkom i stormen, men truleg vart berre dei som vart funne igjen skrive opp i bøkene.
Uvêret levde lenge i lokale tradisjonar og mellom anna på Utsira vart det på folkemunne sagt: «Gud bevare oss for 11. mars!» Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 12
Påskeegg er dekorerte egg og eggforma pynt eller mat laga i samband med påske. Dei kan vera alt frå etande hønseegg eller sjokoladeegg til hole pynteegg av ei rekke ulike materiale, frå tomt eggeskal, tre, papp og plastikk til glas, porselen og gull. Påskeegg blir brukte som påskepynt, til ulike leikar, og ikkje minst som påskemat. Egga har røter i både jødisk, heidensk og kristen tradisjon, og symboliserer framfor alt nytt liv og grøde.
Den kristne kyrkja hadde tidleg eit forbod mot å ete egg under fasten, eller i det minste i den stille veka. Egg som blei lagde i denne tida blei tekne vare på og ofte pynta, til dømes farga raude, til minne om blodet Jesus ofra på krossen eller som eit uttrykk for gleda over oppstandinga hans. Dei tre elementa — skal, plomme og kvite — som utgjer eit egg er også blitt sett på som eit symbol for treeininga. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 13
Kolossen på Rhodos var ein enorm statue av den greske solguden Helios som vart reist på Rhodos, den austlegaste av dei greske øyane i Egearhavet, på 200-talet fvt. Statuen hadde om lag same storleik som Fridomsgudinna i New York City i USA, men vart plassert på ein lågare plattform. Kolossen på Rhodos var eitt av dei sju underverka.
Skildringane frå antikken er noko motseiande når dei skildrar konstruksjonen. Nokre fortel at han vart bygd i fleire steinkolonner eller i tårn av steinblokker som bygget sitt indre. Han vart reist på ein 15 meter høg sokkel av kvit marmor i nærleiken av innløpet til hamna, kanskje på ein molo ved hamna. Jernbjelkar vart drevet inn i steintårna og bronseplater vart festa til bjelkane og danna «huda»;, dei ytre flatane på statuen. Mykje av materiala var vorte smelta ned frå våpna som Demetrios sine hærestyrkar forlot i tidlegare slag. Dei øvste delane vart bygd ved å nytte ein rampe frå bakken. Statuen i seg sjølv vart over 34 meter høg.
Konstruksjonen stod ferdig i 282 fvt. etter 12 år. Statuen stod berre i knappe 56 år før Rhodos vart rysta av eit jordskjelv i 226 fvt. Statuen brakk ved kneledda og fall mot land. Kolossen stod sannsynlegvis på ein sokkel og statuen som står med beina på kvar si side av hamna er truleg ein fantasi frå seinare skildringar. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 14
R.E.M. er eit amerikansk rockeband som vart danna i Athens i Georgia i januar 1980 av vokalist Michael Stipe, gitarist Peter Buck, bassist Mike Mills og trommeslagaren Bill Berry. Etter utgjevinga av debutplata Chronic Town i 1982, gav bandet ut seks album på like mange år, frå Murmur i 1983 til Green i 1988.
Den klare R.E.M.-lyden og dei kryptiske tekstane til Stipe hadde stor innflytnad på mange band, både skrangle-pop band på 80-talet og alternativ rock-band på 90-talet. Etter å ha oppnådd suksess på nytt plateselskap mot slutten av 80-talet og tidleg på 90-talet kunne bandet fronte sine eigne politiske saker på same tid som dei spelte på store arenaer verda over. Plater som Out of Time (1991) og Automatic for the People (1992) selde til platinum fleire gonger og vart godt tekne imot både av fans og kritikarar. I april 2008 er R.E.M. aktuelle med nytt album, Acceletate. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 15
Tomáš Masaryk (1850 - 1937) er kjend som den tsjekkoslovakiske landsfaderen. Han var sentral i opprettinga av Tsjekkoslovakia og var den første presidenten i landet. Masaryk var også ein respektert akademikar, redaktør og politikar.
I ettertid har Masaryk vorte noko nær ein nasjonalhelt, særleg i Tsjekkia. Vitskapsmannen Karl Popper utropa han og Winston Churchill som dei to største statsmennene på 1900-talet. Den tsjekkiske journalisten Ferdinand Peroutka meinte Masaryk sitt store bidrag ikkje var hans vitskaplege verk, men hans eigen person. Forfattaren Karel Čapek har hevda at «Masaryk er eit prinsipp». Alle utsegna prøver å syna Masaryk si stordom, ikkje berre som vitskapsmann og politikar, men òg som menneske. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 16
Amfibisk krigføring innebèr åtak på landbaserte mål med militære styrkar frå skip. Amfibisk krigføring krev landgangsfarty eller helikopter for å transportera soldatar til land frå skipa som har ført dei til området.
Målet med å setja soldatar i land frå skip er å avslutta konfliktar. Rein sjøkrig har sjeldan ein avgjerande effekt, og marsj over land er ikkje alltid eit alternativ. Mange land har eigne styrkar med marineinfanteri for dette føremålet. For tida er USA sitt United States Marine Corps det største, og det einaste med eigne landgangsfarty og eige flyvåpen. Halvparten av marineinfanteristane i verda høyrer heime i denne avdelinga.
Eit amfibisk åtak er ein av dei mest vanskelege militære operasjonane. Det krevst koordinering av eld frå skip og luftfarty, medan bakkestyrkane skal setjast i land på ei kystlina som er kontrollert av fienden – som ofte har ein enorm fordel på grunn av det opne landskapet på dei fleste strender. Invasjonen av Normandie, Slaget om Iwo Jima og Falklandskrigen er nokre av dei mest vidgjetne amfibiske operasjonane i historia. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 17
Det er opp mot 1190 namngjevne fjordar i Noreg, og norskekysten er eitt av områda i verda med flest fjordar. Noreg har òg fleire av dei lengste fjordane i verda, med Sognefjorden på 204 km som den lengste. Flest fjordar finn ein i langstrekte Nordland, som har opp mot 300 fjordar, medan Finnmark har kring 200. Norske fjordar har som regel fjord som siste del av namnet sitt, men dei kan òg kallast til dømes poll, botn, sund, eller vuotna, som er samisk for fjord.
Lista i artikkelen inneheld dei aller fleste fjordane i Noreg og på Svalbard. Dei aller minste fjordane (hovudsakleg mindre enn 1 km lange) er stort sett ikkje teke med. Alle fjordane i lista har eigne artiklar. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 18
Knelarnettvengjer (Mantispidae) er ei familie insekt som høyrer til nettvengjene. Namnet sitt har dei fått fordi dei har fått forbeina sine omdanna til fellklør som ser ut som dei knelarar har. Gruppa finst normalt ikkje i Noreg, men førekjem stundom på importert tropisk frukt. Det er kjend rundt 350 artar på verdsbasis, fordelt på 45 slekter og fleire underfamiliar. Fem artar er kjende frå Europa, men berre Mantispa styriaca førekjem nord for Middelhavsområdet. Denne er funnen så langt nord som nord i Tyskland. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 19
Året 1968 er kjend for ei rekke dramatiske hendingar med bakgrunn i maktkampar mellom ulike krefter og ideologiar. 1968 er blitt kalla «året då allting hende», og er blitt ståande som eit symbol på den motkulturelle ungdomsrørsla frå denne tida, som ofte blir kalla «1968-generasjonen». Ulike krav om fridom og folkestyre prega land over heile verda, og mange venta seg store endringar gjennom ein verdsomspennande revolusjon. Våren 1968 fann det stad studentopprør i ei rekkje land. Sosialisme var særs utbreidd blant intellektuelle, og ei ny, «andre bølgje» av kvinnerørsla gjorde seg gjeldande dette året. Samstundes fekk voksteren av radikale idéar motsvar av konservative politikarar som hevda å tala for ein «taus majoritet».
Dette året bevega Tsjekkoslovakia seg vekk frå sovjetisk innverknad i det som blei kalla prahavåren, men blei seinare på året invadert av andre warszawapaktland.
USA opplevde skjelsetjande politiske omveltingar og valdshandlingar. Dette året blei borgarrettsleiaren Martin Luther King jr. og presidentkandidaten Robert F. Kennedy drepne i attentat. Landet gjekk gjennom uro som raseopptøy og demonstrasjonar mot vietnamkrigen.
Medan liknande frigjeringskampar, folkeoppreistar og motkulturelle hendingar også fann stad i åra rundt 1968, er 1968 med sine kontrastar mellom framtidshåp og skuffingar, fredsretorikk og vald blitt ståande som eit høgdepunkt, på godt og vondt, frå dei alternative 1960-åra. Kampsakene frå 1968 prega ettertida, og skiljelinene finst fortsatt innan seinare politikk. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 20
Henrik Arnold Wergeland (1808-1845) var ein norsk forfattar og samfunnsdebattant. Han er rekna som den største lyrikaren Noreg har fostra. Fleire verk kombinerer prosa, lyrikk og dialog. Det kunstfilosofiske eventyret Jan van Huysums Blomsterstykke (1840) er eit framifrå døme på genreblanding og eit høgdepunkt i diktinga hans. Han skreiv òg for scena og let etter seg ein stor, variert dramatisk produksjon med sceniske utfordringar som vår tid truleg har betre føresetnader for å nytte ut enn samtida hans hadde. Han ville omsetja sine poetiske idear i praktisk arbeid, og var ein aktivist i ei politisk gjæringstid då Noreg heldt på å finne fram til ein eigen kulturprofil. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 21
Isar er ei 295 km lang elv i Austerrike og Tyskland. Ho er ei av sideelvene til Donau. Etter Inn og Lech er Isar den tredje viktigaste tyske sideelva til Donau. Tidlegare var elva brei og grunn, med mange øyar av grus og sand. Bortsett frå nokre plassar lengst opp er dette preget regulert bort. Middelvassføringa er 175 m³/s (til samanlikning har Glomma 700 m³/s).
Isar er utsett for flaum og før ho vart regulert skapte elva ofte flaum i byane langs elva og gjorde store øydeleggingar og tok livet av mange menneske. I 1813 kollapsa ei bru i München under ein flaum og 100 menneske mista livet. På 1920-talet byrja ein å byggje vasskraftverk, og frå 1954 til 1959 bygde ein Sylvensteinspeicher for å produsere straum og for å verne mot flaumar. Dette førte mellom anna til at landsbyen Fall var lagd under vatn. Når vassnivået i reservoaret er svært lågt, kan ein framleis sjå kyrkjetårnet stikke ut av vatnet. Les meir!
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 22
Krabbar er krepsdyr med fire par bein, eitt par klør og ein sterkt redusert bakkropp som vert boren under framkroppen. Krabbar høyrer til infraklassa Brachyura. Dei lev for det meste i havet, men særleg i tropane finst det òg artar i ferskvatn og på land. Gruppa er den største og mest varierte av tifotkrepsdyra, med over 10 500 registrerte artar fordelt på 70 familiar.
Langs norskekysten er det funne om lag 30 ulike krabbeartar. Dei vanlegaste er taskekrabbe og strandkrabbe.
Om lag 20% av alle krepsdyr som vert fanga eller avla fram som mat på verdsbasis er krabbar, til saman over 1½ millionar tonn. Her til lands er det taskekrabben (Cancer pagurus) som vert teken i størst kvanta, men strandkrabbe smakar også godt. Kongekrabben vert òg seld som krabbe, men høyrer eigentleg til anomurene. Les meir!
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 23
Sparta (gresk: Σπάρτα) er ein by i prefekturet Lakonia, der han er hovudstad, i Peloponnes i Hellas. Byen var av dei mest kjende polisa i antikkens Hellas, og den mektigaste på Peloponnes. Ruinane av den antikke byen ligg i utkanten av den moderne.
Kring 550 fvt. og ei tid framover var Sparta ei sterk og effektiv militærmakt, og falanksane deira vart rekna som umogeleg å slå. Dette kom mellom anna til uttrykk i peloponnesarkrigen. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 24
Eivind Groven (1901-1977) var ein norsk komponist, musikkvitar, spelemann på hardingfele og seljefløyte, folkemusikksamlar og utgjevar som mellom anna er kjend for arbeidet sitt med reinstemte orgel.
Som komponist var han ein av dei mest originale Noreg har fostra. Mykje av det folk trur er folkemusikklån, er hans eige stoff. Han er den fyrste, og til no den einaste, norske komponisten som meistra både hardingfela og symfoniorkesteret. Meir
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 25
London er hovudstaden i Storbritannia og er ein storby som ligg sør i England ved elva Themsen. London er ein av dei største byane i Europa, har ei historie som strekker seg to tusenår attende, og har i løpet av den tida vore senter for fenomen som renessansen og den industrielle revolusjonen. Sentrumet City of London har stort sett hatt dei same grensene fram til i dag, men sidan 1900-talet har omgrepet London blitt nytta om heile metropolen rundt. Dette området er i dag ein region i England og har sin eigen administrasjon med valt borgarmeister og forsamling.
Byen er i moderne tid eitt av dei viktigaste politiske, økonomiske og kulturelle sentra i verda. Mykje av grunnen til dette er at London var hovudstad for det britiske imperiet, og dermed maktsenter for store delar av kloden i nær tre hundre år.
Sjølve byen har 7 500 000 innbyggjarar, men om ein reknar heile storbyområdet, kjem ein opp i mellom 12 og 14 millionar innbyggjarar. Byen er med det den største i EU etter folketal. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 26
Köppen si klimaklassifisering er eit av dei mest brukte klimaklassifiseringssystema. Det vart utvikla av den tyske klimatologen Wladimir Köppen rundt 1900. Han gjorde seinare fleire utbetringar av systemet. Systemet kombinerer årlege og månadlege middel av temperatur og nedbør i samsvar med vegetasjonsfordelinga på jorda.
Köppen sitt skjema deler klimaet inn i fem klimasoner i tillegg til fleire klimatypar og klimaundertypar. Dei fem klimasonene er tropisk klima, tørt klima, temperert klima, kontinentalt klima og arktisk klima. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 27
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 27, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 28
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 28, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 29
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 29, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 30
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 30, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 31
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 31, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 32
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 32, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 33
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 33, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 34
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 34, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 35
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 35, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 36
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 36, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 37
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 37, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 38
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 38, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 39
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 39, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 40
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 40, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 41
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 41, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 42
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 42, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 43
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 43, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 44
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 44, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 45
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 45, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 46
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 46, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 47
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 47, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 48
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 48, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 49
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 49, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 50
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 50, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 51
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 51, 2008
Vis - Diskusjon - historikk
- Uke 52
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 52, 2008
Vis - Diskusjon - historikk