Themsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Themsen (engelsk: Thames) er ei elv i Storbritannia. Den flyt gjennom den sørlege delen av England, og gjennom London. Den bind London med Nordsjøen. Themsen er 346 km lang og er påverka av tidevatnet i den nedre delen. Blant dei mange bruene som kryssar Themsen finn ein Tower Bridge.
Themsen var under mellomalderen og seinare ei svært forureina elv. Dette var fordi alt av søppel og kloakk blei tømt i den. Først på midten av 1800-talet blei det laga kloakkanlegg i London, slik at utslippa i elva blei sterkt reduserte.