See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Golfstraumen - Wikipedia

Golfstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Golfstraumen er ein varm havstraum som leier vatn frå Det karibiske havet mot nordaust tvers over Atlanterhavet. Straumen når Europa ved øya Irland og sender ein arm sør om England opp gjennom Den engelske kanalen og vidare inn i Nordsjøen. Hovudstraumen går mellom Skottland og Island og fylgjer kysten av Noreg nordover. Golfstraumen endar opp i Barentshavet, Nordishavet eller Grønlandshavet.

Golfstraumen fører mykje varme til nordvestlege delar av Europa. Dei enorme vassmassene, omlag 4 millionar kubikkmeter pr. sekund, gjev frå seg like mykje varme pr. dag som verdas totale kolforbruk på ti år. Dette fører til at temperaturen i Noreg er 4-5 grader høgre enn breiddegraden skulle tilseie. Straumen er med på å sikra eit etter tilhøva mildt klima m.a. langs norskekysten og på dei britiske øyane. Straumen vert ikkje berre driven av vestavindane. I tillegg fører ein kald, saltmetta straum med seg store mengder ishavsvatn ned på havbotnen og sørover til Søratlanteren. Det skaper rom for at det varme overflatevatnet i Golfstraumen kan strøyma mot nord. Frå Antarktis strøymer mykje av vatnet vidare langs botnen ut i Stillehavet. Desse botnstraumane går svært langsomt: vatnet kan bruka femten hundre år på turen frå Nordatlanteren til midten av Stillehavet. Men vass- og varmemengdene som vert forflytta på denne måten, er enorme.

I den vestlege delen av Stillehavet finst ein tilsvarande havstraum, Kuroshiostraumen, som leier varmt vatn frå Sørkinahavet via Japan til Alaska og Canada. Straumen vert driven fram av at kaldt vatn på botnen strøymer mot sør.

[endre] Teoriar om framtida

Forskarar har presentert fleire teoriar på utviklinga som følgje av Golfstraumen.

  • Éin teori er: Med auka gjennomsnittstemperatur blir meir ferskvatn ført opp i Grønnlandshavet si overflate. Dette kan føre til mindre tilfrysing i overflata. Vekta på overflatevatnet blir dermed redusert, mindre vatn blir senkt mot botnen og mindre varmt vatn blir drege nordover. Drivhuseffekten kan då føre til at det vert kaldare i Noreg.
  • Andre forskarar avviser denne teorien: Ingen veit sikkert kva som skjer med vindsystema og tilhøva mellom høgtrykk og lågtrykk på den nordlege halvkule.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -