F.E.A.R.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
F.E.A.R. First Encounter Assault Recon | |
---|---|
Utviklar | Monolith Productions (PC); Day 1 Studios (Xbox 360, PlayStation 3) |
Utgjevar | Vivendi |
Designar | Craig Hubbard |
Motor | Lithtech: Jupiter EX |
Versjon | 1.08 (20. oktober 2006) |
Utgjeve | 18. oktober 2005 |
Sjanger | Førstepersons, horror |
Aldersgrense | PEGI: 18+ |
Konsoll | Windows, Xbox 360, PlayStation 3 |
Media | DVD |
F.E.A.R. First Encounter Assault Recon er eit førsepersonsskytespel for datamaskin og spelekonsoll utvikla av Monolith Productions og gjeve ut av Vivendi.
Det vart gitt ut den 18. oktober 2005 for Windows og portert av Day 1 Studio til Xbox 360 og PlayStation 3. Den fyrste tilleggspakken F.E.A.R. Extraction Point vart utgjeve i oktober 2006 av Timegate Studios. Ein tilleggspakke nummer to vart gitt ut i november 2007, F.E.A.R. Perseus Mandate.
Historia i spelet spinn rundt eit overnaturleg fenomen som F.E.A.R., ein oppdikta spesialstyrke, skal ta seg av. Spelaren har rollen som F.E.A.R.-lagets frontmann, som har overmenneskelege refleksar og som må slåss mot ein armè av klona supersoldatar.
Spelet er inspirert av japansk grøss/horror. Frontmannen har fleire gongar hallusinasjonar der overnaturlege ting skjer; og den raudkledde jenta Alma og mannen som styrer klonehæren, Paxton Fettel, spelar her ei sentral rolle. Spelet utnyttar seg av psyokologisk grøss snarare enn grøss der sjokkmomentet spelar største rolla.