Bremanger
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1438 |
Fylke: | Sogn og Fjordane |
Administrasjonssenter: | Svelgen |
Flatevidd: | 825 km² |
Folketal: | 3 894 (2008) |
Politikk | |
Ordførar (2007-2011): | Kåre Olav Svarstad (Ap) |
Målform: | Nynorsk |
Nettstad: | www.bremanger.kommune.no |
Bremanger kommune er ein kystkommune som ligg på grensa mellom Nordfjord og Sunnfjord. Kommunen er delt i to — indre og ytre Bremanger, høvesvis fastlandet og øyane Bremangerlandet og Frøya.
Innhaldsliste |
[endre] Kommunikasjon
Øyane er knytte saman med bru. Ytre del av kommunen har ferjesamband med Måløy og Kjelkenes. Indre del har ferjefritt samband til Florø og Førde, og ferjesamband over Nordfjorden ved Isane. Det er snøggbåtsamband nordover til Selje og sørover til Florø og Bergen. Avstand til flyplass i Florø frå Svelgen er 59,9 km. Svelgen, som ligg inst i Nordgulen, er kommunesenter.
[endre] Næring
Næringsgrunnlaget i ytre delen av kommunen har tradisjonelt vore knytt til fiske- og fiskeforedling, noko kystkulturlandskapet ber preg av. I Svelgen ligg den største arbeidsplassen i kommunen — Elkem ASA Bremanger Smelteverk, ei metallurgisk industriverksemd med omlag 290 årsverk. Elles er der jordbruk, skogbruk og serviceverksemder.
[endre] Natur
Kommunen har ein svært variert natur, frå det golde kystlandskapet til frodige landbruksbygder og høge fjell og brear i indre del av kommunen. Fjellet Hornelen er den høgaste sjøklippa i Nord-Europa.
[endre] Tettstader
[endre] Kjende folk frå Bremanger kommune
- Amanda Igland, (1917– ), pensjonatvertinne, fiskarkone, lokalpolitikar og organisajonskvinne.
- Heidi Grande Røys
|