See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Askvoll - Wikipedia

Askvoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Askvoll
Våpen Kart
Våpen Kart
Grunnleggjande opplysningar
Kommunenr: 1428
Fylke: Sogn og Fjordane
Administrasjonssenter: Askvoll
Flatevidd: 322 km²
Folketal: 3 065 (2008)
Politikk
Ordførar (2007-2011): Aud Kari Steinsland (Ap)
Målform: Nynorsk
Nettstad: www.askvoll.kommune.no


Askvoll er ein kystkommune i Sunnfjord i Sogn og Fjordane fylke.

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Kommunen ligg ut mot Nordsjøen og dekkjer området mellom ytste delane av Dalsfjorden og Førdefjorden og øyene utom, og strekkjer seg frå Bulandet i vest til grensa mot Førde kommune i aust. Nabokommunane er Solund og Fjaler i sør, Flora og Naustdal i nord og Førde og Gaular i aust, der Førde er den einaste kommunen Askvoll har vegløysing til.

[endre] Samfunn

[endre] Kyrkjeliv

Askvoll er eige prestegjeld under Sunnfjord prosti i Bjørgvin bispedøme. Fram til 2006 var det tre sokn i prestegjeldet, Askvoll, Holmedal og Vilnes. Frå 1. januar 2006 er det dei tre slegne saman til eit sokn som heiter Askvoll og har samanfallande grenser med kommunen.

[endre] Kyrkjer og kapell

Askvoll kyrkje ligg i tettstaden Askvoll og var bygd i 1863. Arkitekt for kyrkja var Anders Askvold. Ein meiner at den fyrste kyrkja i Askvoll vart bygd på 12- eller 1300-talet. Ein veit at det vart bygd ny kyrkje i 1604, ho stod til 1859 då ho vart riven. Kyrkja som står no avløyste ei kyrkje som brann ned etter lynnedslag i 1862, berre 3 år etter ho var nybygd 1859.

Holmedal kyrkje står i Holmedal, er teikna av Eilert Christian Brodtkorb Christie, og vart sett opp i 1868. Gamlekyrkja frå ca 1600 vart då riven. Renessansealtartavla vart flytt over i den nye kyrkja. Ei av kyrkjeklokkene kjem frå kyrkja som stod i Holmedal før 1600. Ein meiner at den kyrkja kan ha vore ei stavkyrkje.

Vilnes kyrkje står på Vilnes på Atløy. Ho vart bygd i 1674 og påbygd i 1959.

Kvammen kapell, bygt i 1977.
Kvammen kapell, bygt i 1977.

Kvammen kapell ligg i grenda Kvammen og vart bygd i 1977.

Stongfjorden bedehuskapell ligg i grenda Stongfjorden og vart sett opp i 1908.

Bulandet bedehuskapell ligg på Bulandet og vart bygd i 1905 og påbygd i 1909 og 1966.

Værlandet bedehuskapell ligg på Værlandet og vart bygd i 1960 og påbygd i 1990.

[endre] Politikk

[endre] Kommunestyrevalet 2003

Ei viktig sak i valkampen fram mot 2003-valet var Dalsfjordbrusaka. Einaste partiet som sa seg klart mot brua var Venstre. I valet var det Venstre som vart partiet som fekk flest stemmer, 28,4%, og dei fekk 6 representantar i kommunestyret, men dei fekk ikkje ordføraren. Etter forhandlingar mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Høgre og Kristeleg Folkeparti vart Aud Kari Steinsland frå Arbeidarpartiet ordførar og Bjørn Arne Mjåseth frå Senterpartiet varaordførar.

Ved kommunestyrevalet i 2003 fordelte røystene seg prosentvis slik:

Parti Prosent av røystene
Arbeidarpartiet 19,7
Framstegspartiet 3,8
Høgre 13,2
Kristeleg Folkeparti 6,6
Senterpartiet 16,6
Sosialistisk Venstreparti 9,5
Venstre 28,4
Andre 2,3

[endre] Kommunesoge

Gjelsvik på sørsida av Førdefjorden. Gjelsvik vart saman med Flokenes, Skorva, Kvammen og Rørvik overført til Askvoll i 1964 då Vevring kommune vart oppløyst.
Gjelsvik på sørsida av Førdefjorden. Gjelsvik vart saman med Flokenes, Skorva, Kvammen og Rørvik overført til Askvoll i 1964 då Vevring kommune vart oppløyst.

Askvoll var eige skipreide frå mellomalderen, og etter reformasjonen vart namnet brukt på prestegjeldet i området. I 1837 vart so Askvoll formannskapsdistrikt skipa. Som i resten av landet vart det då oppretta formannskapsdistrikt i kvart prestegjeld, slik Lov om Formandskaber paa Landet samt om Districternes almindelige Commune-Anliggender frå same året krevde. Prestegjeldet famna då i tillegg til mykje av det som i dag er Askvoll kommune også sokna Øen, Hyllestad og Nordsula, det vil seie bygdene langs kysten lengst nord i det som no er Solund kommune og ytst i det som no er Hyllestad kommune. I nord mot Førdefjorden var Staveneset og Grimelid dei nordlegaste grendene i Askvoll. På nordsida av Dalsfjorden gjekk grensa mellom Ytre Holmedal formannskapsdistrikt og Askvoll vestom Vårdal, og på sørsida gjekk ho mellom Hellevik og Fure. I 1861 gjekk sokna Hyllestad og Øen med i det nye heradet Hyllestad, og i 1887 vart Nordsula med i det nye heradet Solund. Den neste store endringa i kommunestrukturen kom i 1964. Då vart nabokommunane til Askvoll, Bru og Vevring ved Førdefjorden oppløyste og bygdene Osland, Stavestrand, Vågane, Flokenes, Skorva, Gjelsvik, Kvammen og Rørvik vart overførde til Askvoll. Den siste kommunebrigdet kom i 1990, då vart grensa mellom Askvoll og Fjaler (tidlegare Ytre Holmedal) sett til å gå langsetter Dalsfjorden, og dei bygdene på nordsida som tidlegare hadde høyrd til Fjaler vart overførde til Askvoll, medan bygdene på sørsida som tidlegare hadde høyrd med i Askvoll vart del av Fjaler. Det var bygdene Vårdal, Holmedal, Rivedal og Fossedal som då vart overførde til Askvoll, medan Fure, Grytøyra, Korssund og Folkestad vart overførde til Fjaler.

[endre] Ordførarar

Ordførarar i Askvoll
1837-1839
Georg Prahl
Harbitz
1839-1840
Mads M.
Askevold
1842-1857
Carl Johan
Christie
1858-1862
Mons A.
Askevold
1863-1867
Mads M.
Askevold
1868-1871
Mathias V.
Rødsæth
1872-1873
Jens O.
Askevold
1874-1879
Kolbein S.
Fismen
1880-1907
Ole S.
Nordeide
1908-1934
Mathias K.
Stubseid
1934-1942
Olai
Einen
1945
Olai
Einen
1946-1955
Sverre
Ringstad
1956-1963
Mads
Flokenes
1964-1971
Magne
Loftheim
1972-1987
Kåre
Ness
1988-1992
Jorunn
Ringstad
1993-2003
Kjellaug Veivåg
Høyvik
2004-2007
Aud Kari
Steinsland
2007-
Aud Kari
Steinsland


[endre] Historie

[endre] Sjå au

[endre] På verdsveven


Sogn og Fjordane
Sogn: Aurland | Balestrand | Gulen | Hyllestad | Høyanger | Leikanger | Luster | Lærdal | Sogndal | Solund | Vik | Årdal

Sunnfjord: Askvoll | Bremanger | Fjaler | Flora | Førde | Gaular | Jølster | Naustdal
Nordfjord: Eid | Gloppen | Hornindal | Selje | Stryn | Vågsøy  

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -