Vågsøy
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1439 |
Fylke: | Sogn og Fjordane |
Administrasjonssenter: | Måløy |
Flatevidd: | 165 km² |
Folketal: | 5 998 (2008) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.vagsoy.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Roger B. Silden (Ap) 2007-2011 |
Vågsøy er ein kommune som ligg nordvest i Nordfjord i Sogn og Fjordane fylke, sør for Stad. Det er óg namnet på den største øya i kommunen. Kommunesenteret er Måløy, som fekk bystatus i 1997 saman med bygdene Degnepoll og Holvik. Kommunen grensar til Bremanger i sør, Vanylven og Eid i aust og Selje i nord.
Innhaldsliste |
[endre] Kommunikasjon
Byen Måløy ligg ved Ulvesundet, og byen og øya er knytte til fastlandet med Måløybrua på 1224 meter over til Degnepoll. Etter 5 mil langs riksveg 5 og riksveg 15 til Nordfjordeid følgjer vegsambindinga sør og nordover E39 mens riksveg 15 fortset austover om Stryn og møter E6 ved Otta.
Hurtigruta går innom Måløy fast. Det er snøggbåtsamband nordover til Selje og sørover til Florø og Bergen.
[endre] Næring
Hovudnæringane er fiskeri, fiskeoppdrett og skipsverft. Det er meir enn 1 000 arbeidsplassar i fiskerinæringa på sjø og land, og her er eit av dei mest moderne fiskeindustrianlegga i Noreg. Kommunen er den største fiskerikommunen i landet når det gjeld landa kvantum i året (350 000 tonn (2002)). Målt i fyrstehandsverdi er han nr. 3 (etter Ålesund og Tromsø).
[endre] Kommunen i dag
Då formannskapslovene vart innførte i 1837 var Vågsøy og Selje ein kommune. Selje var både kyrkjestad og administrasjonssenter.
I 1900 vart Vågsøy skilt ut som eige kyrkjesokn og i 1910 vart òg kommunegrensene lagde om. Det vart oppretta to nye kommunar: Sør- og Nord-Vågsøy. Måløy vart administrasjonssenter for Sør-Vågsøy, Raudeberg i Nord-Vågsøy.
I 1965 vart dei to kommunane slått saman, kommunegrensene vart justerte noko og Måløy vart felles administrasjonssenter.
Bygdene Sørpoll, Osmundsvåg og Silda i nord er no ein del av Vågsøy. I sør er øyane Husevågøy og Gangsøy i Fåfjorden lagde til kommunen. I aust vart Bryggja og Maurstad delar av Vågsøy då Davik kommune forsvann.
[endre] Tettstader
[endre] Store hendingar
Måløy skal vere hovudhamn for Tall Ships’ Race i 2008.
[endre] Lenkjer ut
|