See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Kalvåg - Wikipedia

Kalvåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kalvåg
Plassering
Kalvåg (Sogn og Fjordane)
Kalvåg
Kalvåg
Bremanger i Sogn og Fjordane
Geografi


Folketal[1] 352 (2008)
Folketettleik 858,5 /km²
Areal[1] 0,41 km²
Koordinatar 61°46′7″N 4°52′30″EKoordinatar: 61°46′7″N 4°52′30″E
Annan informasjon
Postnummer 6729 KALVÅG
Preposisjon i Kalvåg
Hamna i Kalvåg  Foto:Hans Petter Farstad
Hamna i Kalvåg
Foto:Hans Petter Farstad

Kalvåg er ein tettstad i Bremanger. Bygda ligg ytst i havgapet på øya Frøya. Fram til 1964 var Kalvåg kommunesenter i Bremanger kommune. Det bur om lag 350 innbyggjarar i Kalvåg og 570 på heile Frøya. I dag har Kalvåg eit eineståande og gammalt sjøhusmiljø som går for å vere det største og best bevarte sjøhusmiljøet i fylket. Mange av dei gamle sjøhusa er restaurerte for overnatting. Hamna er god, med store offentlege kaianlegg og gjestehamn med flytebrygger utanfor Knutholmen.

Innhaldsliste

[endre] Historie

På 1860-talet var Kalvåg kanskje det største fiskeværet på kysten, med eit folketal på oppimot 11 000 menneske under fiskesesongen. I 1871 var det 52 salteri i Kalvåg og bygda hadde losjihus, forretningar, handelsverksemd, sjukehus, lege, bedehus, kyrkje, lensmannsgard og skulehus. Fiskeri har vore hovudnæringa i Kalvåg, og på 1980-talet etablerte Domstein AS seg på Kalvøyna og er no den nest største private arbeidsgjevaren i kommunen. I 1921 vart det utarbeidd eit reguleringskart for Kalvåg og dette vart utgangspunktet for ein estetisk plan som ein del av Kalvågprosjektet. L/L Kalvåg Vassverk vart etablert av Kalvåg byggekommune i 1944.

[endre] Nyare hendinger i Kalvåg

I 2005 heldt Forbundet Kysten sitt landstemne i Kalvåg. 600 båtar og 10 000 besøkande vitja bygda. Kalvåg har og vore gjestehamn for nokre av seilskutene i Tall Ship Race forrige gong dei vitja kysten av Sogn og Fjordane. Kvart år vert det arrangert Kystkulturfestival i Kalvåg og Sommerakademiet er og ein kulturtradisjon i Kalvåg.

[endre] Kjende personar frå Kalvåg

  • Heidi Grande Røys – minister i Stoltenbergregjeringa.
  • Nikolai Astrup blei født på prestegarden Kalvåg i Bremanger 30. august 1880, men frå han var tre år gamal voks han opp på prestegarden på Ålhus i Jølster, der faren var sokneprest.
  • Ole Johan Grønskag – Forfattar.
  • Yngve Frøyen – Forfattar

[endre] Lenkjer ut

[endre] Kjelder

[endre] Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2008.
Spire Denne Sogn og Fjordaneartikkelen som har med geografi å gjera er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -