Zürich
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zürich er den største byen i Sveits og har eit folketal på 376 453. Han er hovudstad i kantonen Zürich, og det viktigaste kommersielle senteret i Sveits. Byen har òg den største flyplassen i landet, og denne er eit viktig knutepunkt for europeiske flyruter.
Byen ligg i naturskjønne omgjevnader ved Zürichsjøen, og har universitet, teknisk høgskole, finanssentrum og tekstil-, maskin- og grafisk industri.
Kantonen Zürich har 1,22 millionar innbyggjarar - dei fleste er tysktalande og protestantiske - og eit areal på 1729 km².
Zürich var opprinneleg ei keltisk busetjing og hadde i romertida eit kastell og i høgmellomalderen ei borg for dei tyske kongane og keisarane. I 1218 vart byen fri riksstad, sidan 1351 var han medlem av det schweiziske edsforbundet. I reformasjonstida var Zürich eit sentrum for protestantisme.