See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Vladimir Kramnik - Wikipedia

Vladimir Kramnik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vladimir Kramnik ved Corus sjakkturnering i Nederland i 2005
Vladimir Kramnik ved Corus sjakkturnering i Nederland i 2005

Vladimir Borisovitsj Kramnik (russisk Владимир Борисович Крамник),(f. 25. juni 1975) i Tuapse ved Svartehavet er ein russisk sjakkspelar. Han slo Garri Kasparov i tittelkamp om verdsmeisterskapen i sjakk i 2000, og vart deretter rekna som den 14. klassiske verdsmeisteren i sjakk. Han forsvarte tittelen i VM-kampar i 2004 og 2006, men miste tittelen i VM-turneringa i Mexico City i september 2007 til indaren Viswanathan Anand.

Pr 1. januar 2008 har Kramnik ein FIDE-rating på 2799. Han toppar dermed Verdssjakkforbundet FIDE si ratingliste, saman med verdsmeistaren Viswanathan Anand.

Innhaldsliste

[endre] Tidleg karriere

Kramnik si første internasjonale sjakkturnering var U-14-verdsmeisterskapen i 1989, der han kom på 2. plass etter bulgareren Veselin Topalov. I 1991 vann han U-18-verdsmeisterskapen i Guarapuava, Brasil.

Kramnik fekk sitt store gjennombrot i 1992: Han vann blant anna ei stormeisterturnering i Gausdal, og blei tatt ut til Russland sitt lag til sjakkolympiaden (lag-VM i sjakk) i Manila. Her klarte han 8,5 poeng på 9 parti, ein fantastisk prestasjon. I 1992 vart han også tildelt stormeistertittelen - som ein av dei få som har hatt så rask framgang at han ikkje rakk å bli utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk først.

I åra etter 1992 etablerte Kramnik seg som ein av toppspelarne i verda, med svært mange gode turneringsresultat.

[endre] Siger over Kasparov i VM-kamp i 2000

Garri Kasparov var verdsmeister i sjakk frå 1986. Han braut i 1993 med verdssjakkforbundet FIDE, og arrangerte deretter sine eigne VM-kampar. Kasparov skulle eigenleg spele VM-kamp i 2000 mot Alexei Shirov frå Spania. Dette då Shirov hadde slått Kramnik i ein kvalifiseringskamp. Men Kasparov og Shirov klarte ikkje å bli einige om dei økonomiske vilkåra for VM-kampen, og dermed fekk Kramnik sjansen. I oktober 2000 var det dermed klart for VM-kamp i London mellom Kramnik og Kasparov. Kramnik møtte svært godt førebudd til kampen, og vann to parti, spelte 13 remis og tapte ikkje eit einaste, og overtok dermed VM-tittelen etter Kasparov.

[endre] Tittelforsvar i 2004

I oktober 2004 møtte Kramnik ungararen Peter Leko i tvekamp om VM-tittelen i Brissago i Sveits. Leko leda tvekampen før det siste partiet, med 7-6, og trengte berre remis for å bli verdsmeister. Men Kramnik vann dette siste partiet, kampen enda dermed uavgjort 7-7, og etter dei reglane som gjald for VM-kampen beheldt dermed Kramnik VM-tittelen.

[endre] Usemje og gjenforening 2006

Denne tittelkampen var opphavleg tenkt som ei etappe på vegen mot å sameine dei to verdsmeistertitlane. Kasparov hadde som ovanfor nemnt arrangert sine eigne VM-kampar sidan 1993, og fordi han år etter år viste at han var verdas sterkaste sjakkspelar med sterke turneringsresultat, så hadde det vore ein stor grad av aksept av at Kasparov var verdsmeister i sjakk.

Verdssjakkforbundet FIDE anerkjende ikkje Kasparov som verdsmeister, og hadde sine eigne arrangement. Frå 1999 arrangerte FIDE sine VM-kampar som utslagsturneringar (cup) med 128 deltakarar. Dette førte til at eit par av dei som blei verdsmeistrar, Khalifman i 1999 og Kasimsjonov i 2004, ikkje eingong var rangert blant dei 40 beste i verda. Dette gjorde at FIDE sin VM-tittel ikkje blei tatt heilt på alvor i sjakkverda. Samtidig sleit Kramnik etter 2004 med helseproblem, og hadde berre middelmådige turneringsresultat, noko som gjekk ut over prestisjen til hans VM-tittel.

I 2005 gjekk FIDE bort frå å arrangere VM som utslagsturnering, og arrangerte i staden ei VM-turnering for 8 spelarar i San Luis i Argentina. Både Kasparov og Kramnik vart inviterte til å vere med, men begge takka nei. Kasparov hadde lagt opp, medan Kramnik meinte han hadde krav på ein tvekamp i staden for ei alle-mot-alle-turnering. Situasjonen var dermed like uklar som før, sjølv om FIDE sitt offisielle standpunkt var at Kramnik med dette hadde sagt frå seg alle krav på VM-tittelen.

Veselin Topalov frå Bulgaria vann VM-turneringa i San Luis. Kramnik tilbaud Topalov å spele VM-kamp, for å sameine titlane. Desse forhandlingane førte ikkje til noko, men i 2006 tok presidenten i FIDE, Kirsan Ilyumzhinov oppatt dette, og klarte å få til ein avtale om ein VM-kamp. Sameiningskampen vart så spela på hausten i 2006, i Elista i den autonome russiske republikken Kalmykia. Kramnik vann denne kampen, etter mykje utanomsportsleg bråk og anklagar om juks frå Topalov si side. Den ordinære kampen enda 6-6. VM-tittelen var deretter avgjort med 4 hurtigsjakk-parti, der Kramnik vann 2,5-1,5.

[endre] VM-tittelen tapt i 2007 og omkamp i 2008

Ein del av avtalen mellom Kramnik og Topalov var at begge forplikta seg til å delta i ei dobbeltrundig VM-turnering med 8 deltakarar som vart halden i Mexico City i september 2007. Ingen av dei klarte å vinne denne turneringa, det klarte i staden Viswanathan Anand frå India.

Men Kramnik får sjansen til å vinne tilbake VM-tittelen: Eit anna av vilkåra i avtalen var at han skulle få ein omkamp mot den som måtte bli verdsmeister. Denne omkampen mot Anand blir spela i Tyskland hausten 2008.

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelder

[endre] Fotnotar


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -