Verdsmeisterskapen i sjakk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verdsmeisterskapen i sjakk har kåra verdsmeistrar i sjakk sidan 1886.
Til vanleg har verdsmeisterskapen i sjakk blitt arrangert som tvekampar mellom den sitjande verdsmeistaren og ein utfordrar, men tre gongar har dette blitt arrangert som sjakkturneringar med høvesvis 5 spelarar (1948) og 8 spelarar (2005 og 2007), og 5 gongar har dette blitt arrangert som ei cup-turnering med utslagskampar.
Fram til 1948 var det spelarane sjølve som stod for verdsmeisterskapen: Verdsmeistaren valde kven han ville spele mot, og spelarane forhandla om vilkåra.
Etter 1948 var det verdssjakkforbundet (FIDE) som bestemte reglane for verdsmeisterskapen i sjakk. Spelarane hadde likevel stor innverknad på reglane.
På 1990-talet braut verdsmeistaren Garri Kasparov med FIDE, og danna sin eigen organisasjon, der han arrangerte sine eigne VM-kampar. Samtidig arrangerte FIDE sine VM-kampar, slik at ein i mange år hadde strid om kven som var verdsmeister.
I 2000 klarte Vladimir Kramnik å slå Kasparov i VM-kamp i London, med 2 sigrar og 13 remisar. Kramnik forsvarte VM-tittelelen i 2004 i Brissago i Sveits mot Peter Leko, Ungarn med eit uavgjort resultat 7-7.
Veselin Topalov frå Bulgaria vann Verdsmeisterskapen i sjakk som FIDE fekk arrangert i San Luis i Argentina hausten 2005.
Det vart i fleire år forhandla om å få ein sameina verdsmeister, og dette lukkast endeleg i 2006. Presidenten i Verdssjakkforbundet FIDE fekk då til ein avtale om ein kamp om verdsmeisterskapen i sjakk mellom Kramnik og Topalov hausten 2006 i Elista i den autonome republikken Kalmykia, Russland.
Etter harde kampar og anklagar om juks, lukkast det til slutt for Kramnik å vinne kampen. Vladimir Kramnik var etter dette av alle rekna som verdsmeister i sjakk.
I september 2007 vart det arrangert ny turnering om VM i Mexico City i Mexico med 8 deltakarar, mellom dei den regjerande verdsmeistaren Vladimir Kramnik. Viswanathan Anand frå India vann turneringa 9 poeng på 14 rundar, 4 sigrar og 10 remisar. Kramnik kom på delt andreplass med 8 poeng. Anand er dermed frå 29. september 2007 ny verdsmeister i sjakk.
Det er allereie bestemt at Anand skal spele tvekamp mot Kramnik om VM-tittelen i 2008.
[endre] Verdsmeistrar i sjakk
- Wilhelm Steinitz
- Emanuel Lasker
- Jose Raoul Capablanca
- Aleksander Alekhine
- Max Euwe
- Mikhail Botvinnik
- Vasslij Smyslov
- Mikhail Tal
- Tigran Petrosjan
- Boris Spassky
- Bobby Fischer
- Anatolij Karpov
- Garri Kasparov
- Alexander Khalifman
- Viswanathan Anand
- Vladimir Kramnik
- Ruslan Ponomariov
- Rustam Kasimdzhanov
- Veselin Topalov
[endre] Kjelder
Mark Weeks si side på engelsk med oversikt over alle sjakk-VM