Tsjernivtsi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjernivtsi (ukr. Чернівці, rumensk Cernăuţi, tysk Czernowitz el. Tschernowitz; polsk: Czerniowce, ungarsk Csernovic, jid. טשערנאָוויץ [Tshernovits], rus. Черновцы, Tsjernovtsy) er ein by i Nord-Bukovina i Ukraina og hovudstaden i Tsjernivetska oblast.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Frå 1775 var byen ein del av den austerriske provinsen Bukovina; føre denne tida hadde byen høyrt til det rumenske fyrstedømmet Moldavia. Dei bukovinske byane Siret og, seinare, Suceava var dei første hovudstadene i fyrstedømmet. Da Austerrike-Ungarn vart oppløyst i 1918 vart området kring Tsjernivtsi innlemma i Romania, og slik vart det verande til 1940, da området vart okkupert av Sovjetunionen. I løpet av andre verdskrigen vart området tilbakeført til Romania, men deretter teke over av Sovjetunionen att og innlemma i Den ukrainiske sovjetrepublikken. Sidan 1991 har Tsjernivtsi vore del av landet Ukraina.
Tsjernivtsi var staden for den aller første jiddische språkkonferansen.
[endre] Folkesetnad
Per 1.1.1998 var folketalet i byen er ca 295 000. Av desse var ca 172 000 ukrainarar, 46 000 russarar, 29 000 rumenarar (derav 16 000 rumenarar og 15 000 moldavarar), 7 000 polakkar.
I følgje den offisielle ukrainske folketeljinga av 2001 var folketalet på det tidspunktet ca 240 600 og antalet nasjonalitetar 65. Av desse var 189 000 (79,8 %) ukrainarar, 26 700 (11,3 %) russarar, 14 400 (6,1 %) rumenarar, 1 400 (0,6 %) polakkar, 1 300 (0,6 %) jødar og 2 900 (1,2 %) tilhøyrde andre folkegrupper.
I Romania blir byen Cernăuţi rekna å ha ei rik historie som eitt av dei viktigaste rumenske kultur- og utdanningssentra.
Romania opna generalkonsulat i Tsjernivtsi i mai 1999.
[endre] Eksterne lenkjer
- Den offisielle nettstaden åt byen Tsjernivtsi (på ukrainsk og engelsk)