Trompet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein trompet er eit lite massingblåseinstrument med trong, sylindrisk boring og vanlegvis med første overtone i området frå a og over. Trompeten har høgast register av dagens massinginstrument, og blir ofte òg sett på som det med sterkast lyd.
Innhaldsliste |
[endre] Trompetar i antikken
I antikken og langt opp mot nyare tid var trompeten eit enkelt massinginstrument utan fingerhol eller ventilar. I Egypt vart det funnen ein trompet i gravkammret til Tutankhamun, som levde i det 14. århundre før vår tidsrekning. Denne trompeten er no i Det Egyptiske Museet i Kairo. I 1939 gjorde BBC eit opptak av lyden frå trompeten. Dette opptaket er tilgjengeleg i form av eit lite program som kan lastast ned frå nettstaden til Centre for Computer-aided Egyptological Research i Horssen i Nederland; sjå Eksterne lenkjer.