See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
The Man Who Sold the World - Wikipedia

The Man Who Sold the World

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

The Man Who Sold the World
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 4. november 1970
Innspelt Trident og Advision Studios i London
18. april - 22. mai 1970
Sjanger Rock
Lengd 40:37
Selskap Mercury Records
Produsent Tony Visconti
David Bowie-kronologi
Space Oddity
(1969)
The Man Who Sold the World Hunky Dory
(1971)


The Man Who Sold the World er eit album av den britiske musikkartisten David Bowie frå 1970. Dette var det første Bowie-albumet som innehaldt kjerna i det som kom til å bli bandet Spiders from Mars, på den vidkjende plata The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars i 1972. Sjølv om enkelte meinar at Bowie si karriere verkleg starta med plata Space Oddity i 1969, [1] hevda andre at det var med The Man Who Sold the World det verkeleg starta for Bowie.[2]

Mykje av albumet har ein hardrockstil som skil seg kraftig ut frå dei tidlegare albuma til Bowie, og vert i staden samanlikna med samtidige rockeband som Led Zeppelin og Black Sabbath.[3]. Bowie sette derimot sitt eige preg på denne hardrock-musikken, mellom anna tittelsporet der han blanda inn latinske rytmar. Sidan Bowie stort sett var oppteken med den nye kona si Angie under innspelinga, vart mykje av musikken arrangert av gitaristen Mick Ronson og bassist og plateprodusent Tony Visconti.[4]

Den tunge musikken på albumet passa songane sine tema, som inkluderte galskap («All the Madmen»), born med emner utover det foreldrene forstår («After All»), massemord («Running Gun Blues»), allvitande datamaskinar («Saviour Machine») og H. P. Lovecraft-aktige gudar(«The Supermen»). Fleire av songane på albumet skal òg vere påverka av personar som Aleister Crowley, Franz Kafka og Friedrich Nietzsche.[5]

Den første utgåva av albumet i Storbritannia viste Bowie ikledd ein kjole på omslaget.[6]. Dette var ein tidleg indikasjon på Bowie si interesse for androgyn utsjånad. Dette var for sterk kost for den amerikanske marknaden, og den amerikanske utgåva hadde ein teikneserie på omslaget, laga av venen Michael J. Weller, medan utgåva som kom i 1972 hadde eit svartkvitt-bilete av Bowie som Ziggy Stardust i staden for dei originale omslaga.

Ingen av songane vart på den tida gjeve ut på singlar, men «All The Madmen» vart gjeve ut i USA i 1971 for å promotere albumet, og den same songen vart gjeve ut på singel i Aust-Europa i 1973, i tillegg til «The Width of a Circle». «Black Country Rock» vart gjeve ut som b-sida til «Holy Holy» i Storbritannia i januar 1971, kortid før albumet kom ut her. Tittelsporet vart seinare ein hit for popsongerinna Lulu, og vart seinare spelt av mange andre band. Kanskje mest kjend av desse versjonane er Nirvana sin akustiske versjon frå 1994.

The Man Who Sold the World selde ikkje så bra då det kom, men klatra til 26. plass i Storbritannia då plata vart gjeve ut på nytt i 1972 etter gjennombrotet til Bowie. Fleire har seinare nemnt at dei var påverka av dette albumet, inkludert artistar som Siouxsie & the Banshees, The Cure, Gary Numan, John Foxx og Nine Inch Nails.[7]

Innhaldsliste

[endre] Innhald

Alle songar er skriven av David Bowie.

  1. «The Width of a Circle» – 8:05
  2. «All the Madmen» – 5:38
  3. «Black Country Rock» – 3:32
  4. «After All» – 3:51
  5. «Running Gun Blues» – 3:11
  6. «Saviour Machine» – 4:25
  7. «She Shook Me Cold» – 4:13
  8. «The Man Who Sold the World» – 3:55
  9. «The Supermen» – 3:38

[endre] Andre utgåver

I 1990 vart albumet gjeve ut på CD for første gong, og hadde då med fire bonusspor. I 1999 kom albumet nok ein gong, utan bonusspor, men med nymastra digitallyd.

[endre] Bonusspor

  1. «Lightning Frightening» (Tidlegare ikkje gjeve ut) – 3:38
  2. «Holy Holy» (nyinnspeling frå 1972 av singelen frå 1970) – 2:20
  3. «Moonage Daydream» (Arnold Corns-utgåve frå 1971) – 3:52
  4. «Hang on to Yourself» (Arnold Corns-utgåve frå 1971) – 2:51

[endre] Medverkande

  • David Bowie – Vokal, gitar, stylophone
  • Mick Ronson – gitar, vokal
  • Tony Visconti – bass, piano, gitar
  • Mick Woodmansey – trommer, perkusjon
  • Ralph Mace – Moog-synthesizer

[endre] Merknadar

  1. David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: p.78
  2. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: p.37
  3. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981) Ibid: p.38
  4. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: p.260
  5. David Buckley (1999). Ibid: pp.99-101
  6. Nicholas Pegg (2000). Ibid: p.263
  7. David Buckley (1999). Ibid: p.102


David Bowie
Diskografi
Studioalbum
David Bowie | Space Oddity | The Man Who Sold the World | Hunky Dory | The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars |
Aladdin Sane | Pin Ups | Diamond Dogs | Young Americans | Station to Station | Low | "Heroes" | Lodger | Scary Monsters (and Super Creeps) |
Let's Dance | Tonight | Never Let Me Down | Black Tie White Noise | Outside | Earthling | ’hours...’ | Heathen | Reality
Med Tin Machine
Tin Machine | Tin Machine II
Konsertalbum
David Live | Stage | Ziggy Stardust - The Motion Picture | Tin Machine Live: Oy Vey, Baby | Santa Monica ’72 | Bowie at the Beeb | LiveAndWell.com
Filmmusikk
Christiane F. | Labyrinth | The Buddha of Suburbia |
Tilknytta artiklar
Tony Visconti | Brian Eno | Mick Ronson | Iggy Pop



aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -