Telefon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Telefon (frå gresk tele, 'fjern' og phono, 'lyd') er ein telekommunikasjonsinnretning som overførar lyd med hjelp av elektriske signal.
[endre] Historie
Dei opphavlege telefonane var det som i dag blir kalla analoge fastnettelefonar. Mange rekner Alexander Graham Bell som oppfinnaren av telefonen, da han laga si utgåve i 1876. Andre reknar Philipp Reis som oppfinnar i 1860, men oppfinninga hans blir i dag vanlegvis sett på som ein føregjengar til Bells eigentlege telefon. Den amerikanske kongressen anerkjente den 15. juni 2002 Antonio Meucci som den offisielle oppfinnaren av telefonen.