Taro
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taro | ||
|
||
Utspring | Dei liguriske Appenninane ved Monte Penna | |
- Høgd | om lag 1 300 moh | |
Munning | Po nær Gramignazzo (PR) | |
Land i nedslagsfelt | Italia | |
Lengd | 126 km | |
Middelvassføring | 30 m³/s | |
Nedslagsfelt | 2 026 km² |
Taro er ei 126 km lang elv nord i Italia og ei av sideelvane til Po frå høgre. Nesten heile elva renn innafor provinsen Parma, vest for byen Parma. Taro munnar ut i Po nord for byen.
Taro har eit nedslagsfelt som dekkjer 2 026 km² og dei viktigaste sideelvane er Ceno, Recchio og Stirone. Både Taro og Ceno har sitt utspring frå Monte Penna (1 735 moh) i Appenninane.
Vassføringa til elva varierar stort gjennom årdet. Om sommaren kan ho tørke heilt opp, medan ho i tunge regnperiodar kan få opp til 1000 m³/s, og i store flaumsituasjonar opp mot det dobbelte, som 9. november 1982.
Tarodalen var ein strategisk viktig stad i mellomalderen og vart kryssa av Via Francigena, hovudvegen mellom Roma og Frankrike i dette området.
20 km av elva mellom Fornovo di Taro og Ponte Taro utgjer eit verna område kalla Taro regoinale naturpark med mange småøyar av sand og grus og variert dyre- og planteliv.
Då Frankrike okkuperte Italia under Napoelonskrigane gav elva namn til eit departement (sjå departementet Taro).
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Taro River frå Engelsk Wikipedia .