Stirone
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stirone er ei lita elv i Emilia-Romagna nord i Italia og ei av sideelvane til Taro frå venstre, kort tid før sistnemnde munnar ut i Po.
Kjelda til elva ligg i fjellsida til Monte Mezzano og Monte Santa Cristina. Delar av elva dannar grensa mellom provinsane Piacenza og Parma. Ho dannar så hovuddelen av regionsparken Parco Regionale Fluviale Stirone, som er særleg kjend for fossilane som er funne her og som strekk seg til byen Fidenza. Elva munnar ut i Taro ved Fontanelle, ein del av Roccabianca.
I følgje segnet vart Domninus av Fidenza martyrdrept ved breidda i år 304.
[endre] Bakgrunnsstoff
Parco Regionale Fluviale Stirone
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Stirone frå Engelsk Wikipedia .