Tambora
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tambora er ein stratovulkan i Sumbawa i Indonesia. Diameteren på vulkanen er 60 km. I 1815 hadde vulkanen eit utbrot som er det kraftigste i moderne tid. Det som drap minst 117 000 menneske og utsletta det vesle kongedømet Tambora. Før utbrotet var fjellet omkring 4300 meter høgt, eit av dei høgaste fjella i Indonesia. Høgden er no 2850 meter. Ein trudde vulkanen var utsløkt fram til 1812, då rystingar vart merka fyrste gong. Eksplosjonen i 1815 påverka eit enormt område, som omfatta Molukkane, Java og delar av Sulawesi (Celebes), Sumatra og Borneo. Tungt askehaldig regn ramma også øyane Bali og Lombok. 1816 har vorte kalla «året utan sommar» pga. nedkjølinga utbrotet gjorde til over heile kloden. Dette førte til avlingssvikt og hungersnød mange stader.