Storfugl
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tiur |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Systematikk | ||||||||||||||
|
Storfugl (Tetrao urogallus) er ein hønsefugl frå skogshønsfamilien. Storfuglen vert ogso kalla for tiur (hann) og røy (ho).
Innhaldsliste |
[endre] Kjenneteikn
Tiuren er betydeleg større enn røya. Ein vaksen tiur veg omlag 4–4,5 kg og vert omlag 86cm lang, medan ei vaksen røy vert 2–2,5 kg og 61 cm lang. I sjeldne tilfelle kan tiuren verte over 5 kg. Ungfuglar har vekt på 1,5–4,5 kg. Tiuren og røya kan vanskeleg forvekslast. Tiurens gråsvarte rygg, grønglinsande bryst og svarte halefjør er karakteristiske. Røya er spraglete og har soleis ein meir typisk vernefarge.
[endre] Forplanting
Forplantinga vert innleidd med tiurleiken, som er i slutten av april og byrjinga av mai. Storfuglen er polygam og tiuren har ingen kontakt med røya etter parringingstida. Røya legg 6-8 egg i ein senking i bakken 2-3 dagar etter parring på spelplassen. Egga vert klekt etter 25-29 dagar med ruging. Og når egga har klekkt er kyllingene brune, begge slaga. Men når det nærmer seg våren blir tiur ungene svarte.
[endre] Forvekslingsart
Storfugl kan vanskeleg forvekslast med andre artar. Røya er betydeleg større enn orrhøne, men er lik i fjørdrakta. Røya sin hale skil seg likevel tydeleg med sin avrunda form, mot orrhøna sin splitta hale.
[endre] Utbreiing
Storfuglen finst i bar- og blandingsskog over heile landet. Han er likevel ikkje so vanleg på Vestlandet som i resten av landet. Bær og bærlyng er viktigaste føde i barmarkssessongen, medan han i vinterhalvåret beiter på furuknoppar. Tiuren er spesielt ynda som jaktobjekt og det vert drive med trofejakt på tiur i Noreg.