Stor salamander
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stor salamander |
||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Stor salamander |
||||||||
Systematikk | ||||||||
|
||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||
Triturus cristatus {{{etter klassifiseringa til}}} |
Stor salamander (Triturus cristatus) er ein svart eller mørk brun salamander med enkelte svarte flekker. Buken er gul eller oransje og svartflekka. Huda er kornet og ru (småvortet).
Stor salamanderen har hovudutbreiingsområde rundt Oslofjorden, men finst òg separat på Vestlandet og i Trøndelag. Kroppsstorleiken varierer frå 10-15 cm, minst mot nordgrensa. Paringa er som regel i mai, men under enkelte tilhøve frå april til juni. Hoa legg 2-300 egg enkeltvis på gamle bladdelar eller vassplanter. Egga blir klekte etter to veker og metamorfoserar frå august til oktober. Stor salamander når kjønnsmogen alder etter 2-3 år, i nord etter 3-5 år. Overvintringa skjer frostfritt på land.
Vanlege habitat er dammar og våtmarker i kulturlandskapet, som gårdsdammar og vatningsdammar. Myrtjarn over ein viss pH er òg eit vanleg habitat. På grunn av den tynne huda til salamanderen, er den avhengig av fukt og flytter seg sjeldan langt frå dammen.
Denne sårbare amfibiearten har har lidd under seinare tids naturøydelegging, og er av denn grunn sett på som sårbar på Nasjonal raudliste. Det er i hovudsak moderniseringa av jordbruket, med drenering av våtmarker og dammer, som har hatt størst påverknad på storsalamanderen. I tillegg er han svært sårbar for utsetting av fisk, då larvane lev pelagisk og svært iaugefallande for rovfisk.
[endre] Kjelde
Artikkelen er omsett frå Wikipedia på bokmål/riksmål 12.04.2007