See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Statoil - Wikipedia

Statoil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Statoil sin logo på bensinstasjon i Estland
Statoil sin logo på bensinstasjon i Estland

Statoil ASA var tidlegare eit børsnotert oljeselskap med den norske staten som hovudeigar. Statoil hadde aktivitet i fyrste rekkje på norsk kontinentalsokkel i Nordsjøen. Det var eit integrert oljeselskap, med verksemd knytt til så vel oljeboring som sal av petroleumsprodukt. Hovudkvarteret låg på Forus utanfor Stavanger sentrum. Selskapet var det største firmaet i Noreg, målt etter omsetnad. Helge Lund var konsernsjef i Statoil (frå 15. august 2004). Den 1. oktober 2007 vart Statoil fusjonert med Norsk Hydro si avdeling for petroleumsverksemd. Det samla føretaket fekk namnet StatoilHydro.

Selskapet var representert i 28 land og hadde ved utgangen av 2003 til saman 19 326 tilsette. Nærare 50 prosent av dei tilsette arbeidde utanfor Noreg.

[endre] Historikk

Den norske stats statsoljeselskap as Statoil (1972 - 2001) vart oppretta ved eit samrøystes vedtak i Stortinget den 14. juni 1972. Den politiske motivasjonen bak vedtaket var ynskje om norsk deltaking i oljeutvinninga frå starten av, gjennom eit statsselskap. Ein såg det som sentralt å byggja opp kompetanse kunne danna grunnlag for ein nasjonal oljeindustri. Frå føremålsparagrafen til statsoljeselskapet: Statoil skal selv, eller gjennom andre selskap, «drive undersøkelser etter og utvinning, transport, foredling og markedsføring av petroleum og avledede produkter.»

Så tidleg som i 1973 starta selskapet arbeid for å sikra seg petrokjemisk industri. Etter lobbyverksemd og oppkjøp sat Statoil i 1980 som heileigar av Rafnes-anlegget i Bamble, i tillegg til delt eigarskap saman med Norsk Hydro i Mongstad-raffinerietMongstad. Norsk Hydro selde sin eigardel til Statoil. Statoil satsa sterkt på oppgradering av oljeraffineriet. Prosjektet endta med meir enn 100% overskriding eller om lag 6 milliardar i ekstrarekning til staten.

Etter dette stod Statoil ansvarleg for fleire utbyggingsprosjekt. Dei største prosjekta var offshore produksjonsanlegg på Gullfaksfeltet, Sleipnerfeltet og Åsgardfeltet.

I første fase av Sleipner-utbygginga sokk den første plattformen til botnar og vart skrota. Åsgard-ubygginga gav kring 18-20 milliardar kroner i kostnadssprekk.

År 2001 markerte eit skilje i norsk oljeindustripolitikk då staten delprivatiserte Statoil med eit sal av om lag 18% av aksjekapitalen. Statoil ASA vart namnet på det nye delprivatiserte, norskregistrerte olje- og gasselskapet. Statoil ASA fekk nokre skandaleoppslag, til dømes ei korrupsjonssak i Iran.

[endre] Lenkjer ut


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -